På sjølvaste 17.mai kom Skauta med snø, is og vatn, dunder og brak! Det skull til eit par tre vender før ho roa seg. Dette bildet av siste skot var teke kl.17.30. Det flaut mykje is syover elva og vatnet var brunsvart. Ein skikkeleg 17.Maisalutt!
Så er den her, gullbåsten! Elska og hata, freidig og viljug! Etter eit par milde dagar og ei natt med regn, så var den klar! Den vil lyse fint opp i bratte Bråtåbakkar! Til den blir grå i toppen og bles avstad til nye gullbåstmarker.
Den 5.mai var det dugnad i Bjørkås. Lauv og daugras måtte vike for ivrige rakstefolk. Eit og anna lauvtreet måtte i bakken. Kan resultere i mindre lauv neste år. Den yngste med rive var 9 år, den eldste 86 år...., dei krakte jamsides i bratte bakkar! Etter god innsats bar det inn til matbordet, der var det god kjøtsupe med krummer i. Det smakte godt. Og sjølvsagt kaffe etterpå og god prat rundt bordet.