Du går her så ybben og ordtregg
og ser ikkje det er sumar
med kvite blomar på Storhegg,
yndeleg angande blomar.
Du går her og gjerer streitlegg
so kalvbeint og klar i kneom,
og ser ikkje lauve i Geit-egg -
knuppar på alle treom.
Du går her so slakk og slunkjen
og sutrar hugill og hånen,
men sumarvind linn og lunkjen
blær gjenom solskinnsblånen.
Du går her, din glåmstein-vedde
og lakkar so tungt og loa!
Du vøre ein naugod nedde
berre du meir var moda.
Nei, no må du sjå upp med augom;
det brultar med ofsa bråe
det skrell burti Kollungshaugom,
og kling over Hellflat flåe.
Skautåi er det som losnar
langt uppi Styggehø-skridom.
Det livnar i vêre og ljosnar
med vårflaum i alle lidom.
Storelvi flyt i flodmål
blånande djup og draumstill.
Fjellfossen ung i utol
kastar seg kåt og straumvill.
Og ifrå stygge åstup
kvitskume fell og fløymer,
men imot bleikan blådjup
solbåror stig og strøymer.
Sevja ho stig i treom,
det lauvast kav uppåt Geit-egg.
Men du går her kalvbeint i kneom
og sterrar og gjerer streitlegg.
Kjenner du livssaft og sevje
stige med søte i hjarte,
so gåkje og heng, men hevje
ditt auge mot dagen bjarte!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar