Hjorten lit seg frampå sjølv om det er ljose kveldar. Det er vel noko grønt å finne som fristar.
tirsdag 27. april 2010
mandag 26. april 2010
ÅRSMØTE
Sundag 2. mai kl. 20.00 er det årsmøte i Bjørkås.
Felles årsmøte for huset og Bråtå grendalag.
Vel møtt!
Felles årsmøte for huset og Bråtå grendalag.
Vel møtt!
torsdag 22. april 2010
TRANENE
Javisst, dei er komne!
Kvelden etter at eg hadde etterlyst dei såg vi dei nedpå isen. Så kom det tekstmelding frå Judith, ho hadde høyrt dei også! Traneskrika er lett kjennelege og i grunn ikkje så vakre. Men da veit vi at dei er komne, nå manglar det berre eit godt bilde. Dei er ganske skye og dermed ikkje lette å fotografere. Kven tek fyrste bildet?

mandag 19. april 2010
LINERLA
torsdag 15. april 2010
KLAUVKLYPPING
Nå er det berre å gle seg til sommar og godt beite! Klauvane er stelte og eg kan håpe på spretne og kåte kast i solblanke bakkar! Takk for nydeleg pedikyr!
MØØØ!
Med kyndig hjelp går dette fint. Viktig arbeid som berre må gjerast. Det er godt å få stellt føtene både for dyr og folk. Pedikyr heiter det vel når det gjeld folk. Høyres kanskje penare ut enn klauvklypping...
På plass i klauvklypparbåsen,- litt skeptisk,- men det er nå godt å kome ut og sjå sola etter ein lang vinter!
søndag 4. april 2010
BASAR
Basar i Bjørkås tysdag 6.april kl. 19.00. Mange fine gevinster og alle får garantert kaffe, kaker og ein triveleg kveld på loddkjøpet!
PÅSKELAURDAGSTUR
Ein god, gamaldags påsketur. Fint å gå ljoslina frå Mork. Dette var eit gjevt turmål før,
nå får du gå einsleg. Ein fin tur til alle årstider og utsikt til alle kantar!
Abonner på:
Innlegg (Atom)