Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

torsdag 31. januar 2013

PLANLEGGING.....

....er viktig. Enda viktigare er å hugse kvar ein legg planane.....

Vi legg planane våre ut på bloggen, da er dei lette å finne.

SUNDAG 10.FEBRUAR: Kafe i Bjørkås frå kl. 12.00 til 15.00.
                                          Da er det både Morsdag og fastelaven.
                                          Vi byr på morsdagskake og fastelavensboller.



SUNDAG 10. MARS:       Kafe i Bjørkås frå kl. 12.00 til 15.00
                                          Da opnar vi dørene til bokskåpet så dykk kan få
                                          sjå kva som er der. Lesa litt også. Trur det er
                                          mange som vil finne kjente og kjære tekster.

Smørbukk var fast innslag i Norsk Barneblad - det er noko av det du finn i bokskåpet!


SUNDAG 14. APRIL:       Kafe i Bjørkås frå kl. 12.00 til 15.00
                                          Dette blir dagen for MINNEBOKA!
                                          Ta med minnebøkene som ligg i skuffer og skap,
                                          kulturskatter som bør fram i ljoset.
 - med eller utan "tusj"blomar som dekor.


                                     

torsdag 24. januar 2013

GRATULERER; IDA!!!!

 - med rolla i Trio - Odins gull!
Vi gler oss til å sjå resultatet!

torsdag 17. januar 2013

duppeditter

er det noko dei fleste har mange av, er det nettopp "duppeditter". 
Og dei har av ein eller anna grunn lett for å røre seg bort i ymse heimar.
 Og vi treng dei jo med ujamne mellomrom...

Det HAR vore febrilsk leiting etter "duppeditten" som gjer
at vi får kontakt med banken og får gjort opp for oss økonomisk! 
Leitinga er avslutta og aksjonen var vellukka . 

Det PÅGÅR for tida febrilsk leiting etter duppeditten som inneheld
 alle dei bileta som vi hadde tenkt både å sjå på gjennom ymse maskineri 
og lage papirbilete til album av. Så langt utan resultat. 

Vi lyt berre innrømme det - mykje var enklare før....

mandag 14. januar 2013

Tjugand-dagen

i tjuge minus!
Jula fekk ei kald avslutning!
Nå er det meste av julestasen nedpakka og bortgøymt fram til desember bankar på døra att.

Mange tykkjer det blir litt mørkt og trist med det same - men trøsta finn vi ute:
For kvar dag krek sola litt lenger ned mot grenda, og dagen er vorte mange minutt lenger sidan solsnu.
Det går sakte, men sikkert mot ljosare tider!




Og til så lenge får vi fyre i omnen....

søndag 6. januar 2013

HÅLKEFØRE...


Kviasamt å gå på gardsvegane denne helga 
etter mildvær og regn i fleire dagar.

Heldig den som har skarpe klør!

Men fortset det med kuldegrader kan vi kanskje kvesse skissene snart?



Da går det an å ta seg ein tur bortpå "Galten" også.



tirsdag 1. januar 2013

Godt nytt år!

2013 ligg nytt og ubrukt framfor oss.

 Vi håper alle får gode dagar i det nye året og mykje glede.

Vi siterer gjerne Randi Rust:
Sats på kvardagsgleda.
 Det er det mest av.
 Og det er sjølve livet.

Kloke ord!

Dei kom!

Julebukkane dukka opp, nett som vi ynskte! 
Blide og trivlege, og dei både sang og dansa.

Velkomne att neste jul!

It's hard to be a nissemann....

- det er godt det er nesten eitt år til neste jul....