Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

lørdag 27. mars 2010

GOD PÅSKE!


Været er grått, men påska er gul!
Men går det som vi håpar så blir det betre midt i veka. Uansett: utetemperaturen er godt på plussida, så det er ingen grunn til å sita inne. Om ikkje fjellet fristar så er det fint å gå ein skogstur og snuse inn vårlufta og høyre på småfuglane.

torsdag 25. mars 2010

DET VÅRAST....

Vinteren med sine stabile høgtrykk har sleppt taket og det er vår i emning. Så lite snø som vi har hatt i vinter er det vel lenge sidan det har vore. Så der får vårsola eit lett arbeid! På Bråtåvatnet var det fint å gå på ski i vinter, men nå er dei spora utviska for denne gong. Mange er spente på påskeføret, og det er ikkje utan grunn. Ein får smørje med tålmod...

mandag 22. mars 2010

MESSE PALMESUNDAG 28 MARS

Palmesundag er det messe i Bjørkås kl.11.00. Kyrkjekaffe.

ÅRSMØTE SKJÅK HISTORIELAG 28.03.2010

Skjåk historielag har årsmøte i Bjørkås sundag 28.03.kl. 19.30.

TRIVELEG SOLFEST!


Mellom 40 og 50 feststemde personar i alle aldrar benka seg rundt bordet i Bjørkås sist laurdag for å vera med på solprisfest. Fest for å prise sola -særleg kjærkomen attpå kaldvinteren- og for å feire at Skjåkprisen vart tildelt Bråtå.
Skjåk songlag var inviterte og song vakkert om både bygda vår, Blåmann, Å danse om vår og Laudate.
God mat høyrer med i godt lag, og Ragna Brit hadde kokt ei særs velsmakande supe. Attåt var det rundstykker og hardbrød, og vi leska oss med heimebryggja øl.
Det vart og lese frå "Åstradølen" frå 50-talet, datidas blogg? Det er ein skatt å ha dei gamle ungdomslagsbøkene når ein vil ha underhaldane lesnad!
Audun Sperstad hadde teke turen til Bjørkås ilag med tvauraderen sin, og hadde øvd inn "Grendahusvalsen" til avslutning på bordsete. Så vart det både dans og loddsal før kaffe og kaker kom på bordet. Kveldens jebursdagsjente, Maria Sygard fekk sang før ho opna marsipankaka. Stor spenning under loddtrekninga, for det var fine gevinstar vi hadde fått.
Dansen heldt fram ei god stund, og da dei siste gjestene var gått stod berre golvvaskarvalsen att..,eller var det ein reinlender?
Vi håper festen gav meirsmak, slik at vi og neste år kan be inn til ny solfest!

tirsdag 16. mars 2010

SOLPRISFEST I BJØRKÅS 20.MARS

Laurdag 20.mars kl.19.30 er det SOLPRISFEST i Bjørkås. Da vil vi feire at sola er attkomen og at Bråtingane fekk Skjåkprisen for 2009. Vi har invitert Skjåk songlag. Dei feira 75-årsjubileum når vi fekk tildelt Skjåkprisen, så vi tykkjer dei fortener å få vera med på festen vår. Attpå alt bidreg dei med vakker sang! Vi har også fått tak i spelemann, så her er det gode sjanser for å få seg ein dans. God mat og drikke blir servert. Vi tek ikkje inngangspenger, men det blir høve til å kjøpe lodd. Slit deg frå tv-apparatet og nyt heller ein kveld i lag med oss!

BRÅTINGANE PÅ BLOGG!

Her vil vi skrive om aktivitetar som skjer i Bråtågrenda.
Fylg med oss!