Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

tirsdag 24. april 2012

ÅRSMØTE

Årsmøte i Bjørkås måndag 30.april kl. 20.00 for Bjørkås og Bråtå grendalag.
Vel møtt!

tirsdag 17. april 2012

Eit sikkert vårteikn!

"Møkkabandet"


"Bråting på Tessand"


Ja, det er russen med alle sine krumspring.
Vi har gjennom åra registrert at Bråtålivet verkar eksotisk
på denne gruppa;
det er sjeldan ei russeavis eller ein russerevy der
Bråtå ikkje er med i ein eller annan samanheng.
Ei heller i år.

Lomsrussen 2012 har dei siste dagane
servert ein fantastisk flott revy
som dei har snikra saman gjennom vinteren.
Revyen har vore veldig godt besøkt,
og dei har fått strålande kritikkar - heilt fortent!
Dette er ungdom som verkeleg gjev av
seg sjølve på scena - på alle måter.
Terningkast 6 frå Bråtåliv!

Og sjølvsagt er Bråtå med....

Vi vart kjent med eit hittil ukjent band
frå grenda " Møkkabandet" som hadde
slege inn på bandlivet for å seg kvinnfolk til å ta oppvasken...

Og i lett omskrive
"Danske med Campingvogn" (Øystein Sunde)
fekk vi høyre historia om
"Bråting på Tessand".

Riktig så fornøyeleg!

ventar vi i spenning på russeavisa...

lørdag 7. april 2012

Tverreggje

Tore Ørjasæters ord kom over oss da vi nådde dette punktet på turen:

Tverreggje ho står so traust,
med dagglans på drivkvit tind,
sjå soli ho renn i aust
med vaknande morgonvind.


Vi skjønar godt inspirasjonen hans på ein dag som denne!

Langfredagstur

Hopprenn....

Blå himmel....

Skiparkering ved sæterveggen.......

og rett i koppen......

Jauda, langfredag vart ein strålande dag på så mange måter!
Vi kunne observere både store og små i løypa,
med store smil og påskegodt i blikket.

søndag 1. april 2012

Trivleg messe


Palmeprosesjon.


Preike framfor den gamle flanellografen.



Song av postludium



Kyrkjekaffe!




Gåveoverrekking







Ja, det vart ei trivleg messe i Bjørkås palmesundagen.
Litt vemodig var den kanskje og, dette var
siste gongen sokneprest Hege hadde messe her.
Det vart både palmeprosesjon,
preike med den gamle flanellografen i fokus
og kjende salmetonar før messa vart avslutta
på ein rørande måte da
Andrea Fagermoen og Andreas Brosset song postludium.

Og så vart det kyrkjekaffe, med mykje mat og godt prat.
Kari Elin tok ordet og fortalde
ei skikkelg god prestehistorie før ho overrekte
heile familien ei gåve frå Bråtågrenda -
familien Fagermoen kan no kalle seg
"Team Bråtå"
med nye t-skjorter som bevis på akkurat det.