Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

fredag 24. februar 2012

Innevær!

Ja, det vart skikkeleg innevær i Bråtå
akkurat når vinterferien såvidt er igang!

Men da er det jo berre å finne fram
innesysler - det er som regel nok å finne på!

Vi håper været betrar seg,
slik at vinterferien blir ei fin veke med mykje uteliv!

Jovisst vart det!


både boller med krem,
god kaffe, god prat,
fastelavnsris og stemning i Bjørkås sundagen.
Takk til dykk som kom!

Neste kafè blir 18. mars. Velkomne!

tirsdag 14. februar 2012

Fastelavnskafè!

Ja, det blir høve til å ta seg ein tur
til Bjørkås og kjøpe seg kaffe og fastelavnsbollar
SUNDAG 19. februar mellomkl. 12 og 15.

I tillegg til bollar blir det som vanleg
eitkvart anna godt å få handla seg og.

Store og små er hjartleg velkomne innom,
skiføret er ypparleg,
så kvifor ikkje kombinere sundagsturen med kafèbesøk?

fredag 3. februar 2012

Kom deg ut!

Om ikkje før, så bør du kome deg ut fyrstkomande sundag,
da er det årets "kom deg ut - dag".
Du treng ikkje gå så langt som denne karen her gjorde,
men ta deg ein tur ut og nyt vinteren på sitt aller beste.
Om det er til fots, på ski, truger eller spark
gjer det godt å puste inn frisk luft og få eit energipåfyll!
Keitt å gå aleine?
Be med deg grannen!