Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

mandag 3. januar 2011

Glimt frå juletrefesten i Bjørkås 3. juledag

"Bråtå Basunengler" opna festen med vakker song - Det lyser i stille grender.
Når alle har med litt mat, og da blir det MYKJE godt å kose seg med for både små og litt større!



Litt herjing høyrer med om festen skal vera god!


Nissen finn alltid vegen til Bjørkås...


Mmmmm...godtepose!

søndag 2. januar 2011

GODT NYTT ÅR!


- og takk for det gamle! Bildet er faktisk frå det gamle året; Liavassosen den 1.1.2010. Da var sola framme. Nyttårshelga i år hadde urolegare vær. Nå har det kome ein del snø, og endeleg er det skiføre. Kan melde at underteikna var heldig og fekk gå i heilt nyoppkøyrde spor frå Sota til Mysubytta i dag. 6 kuldegrader, det var som å gå i eit julekort! Finn fram skiene og legg åt!