Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

lørdag 29. juni 2013

Sommar i fjellet!

 Flotte fargeklattar mellom mose, stein og kjørr!


"Han hører ikke," sa Baktus. "Han vil ikke høre," sa Karius. "Og nå er det for seint," sa Baktus.

 "Nå er han ferdig. Der var det fine huset mitt 
med utsikt og all ting. Nå er det ikke mere hus".

Torbjørn Egner sine figurar Karius og Baktus 
seier akkurat det vi føler i Bråtå nå.

torsdag 20. juni 2013

UFATTELEG TRIST!!

FYRSTKOMANDE LAURDAG (22.JUNI) SKAL HUSET I RAUDALEN BRENNAST NED!
Kun ein ting å si om dette: Ufatteleg trist og meiningslaust. Bråtå grendalag håpa at eigarane skulle ta til fornuft og la huset stå. Men GLB har ikkje råd til det.... Saman med seg på laget har dei NVE, samt Olje- og Energidepartementet. Da blir eit grendalag ikkje teke hensyn til. Vi som gjer ein friviljug og ubetalt innsats for samfunnet blir ein lett motstandar. Eit minnesmerke over dei som la grunnlaget til store verdiar med liv og helse som innsats blir rasert.

MEN VI VEIT AT FRAMTIDA VIL VISE AT VI HADDE RETT!!!

tirsdag 18. juni 2013

St. Hansfeiring på Påleplassen


Sjølvsagt blir det St.Hansfeiring på Påleplassen i år og!

Vi fyrer opp grillen frå kl. 18.00 sundag 23. juni.

Det du vil tilberede må du ta med sjølv,
men vi tek sikte på å koke oss ein felles kaffeskvett!

Alle som vil ta turen er hjarteleg velkomne!

fredag 14. juni 2013

Statsrådsvisitt

Gamalt nytt nå, med dekning i dei fleste lokale media, 
men i går hadde Bråtå altså framandkar på visitt.
 Ein alminneleg, triveleg og blidspent landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum.
 

Han "nevadrog" alle dei frammøtte, som stort sett var inviterte
 gardbrukarar frå grenda og lokale politikarar. 

 
Tema for dagen var fjellandbruket 
og årets landbruksoppgjer - synspunkt og tankar rundt dette,
 Bjørn Dalen informerte om utfordringane som ligg i at så stor del
 av arealet i Skjåk er verna, og Ola Aukrust prata om Gudbrandsdalsmat.

I triveleg lag gjer det seg godt med ein matbit, 
og ministaren fekk seg ein skikkeleg smak av Bråtå (og Brasil...), 
med mjukbrød frå embjørg med raudost 
og spekepølse av kashmirkje frå Systu'n Storbråtå samt ekte heimelaga tjukksnipper 
( til stor glede for enkelte journalistar).
 Brasiliansk innslag var kaffen.
 

Vi fekk sendt med ministaren ei Bråtå t-skjurte, og reknar med at den vert flittig brukt!

Vi håper visitten gav meirsmak ,og ynskjer velkomen attende!




tirsdag 11. juni 2013

100 ÅR!

Javisst, i dag er det 100 år sidan kvinnene fekk stemmerett. 
Mykje og mangt har skjedd i alle desse åra, sakte men sikkert.
At begge kjønn skal ha like rettar i samfunnet er da både rett og rimeleg.
Tenk kor heldige vi er som bur her. På denne solvarme jubileumsdagen 
kunne vi gå ut med bare legger og armer, og vi kunne gå akkurat dit vi ville!



fredag 7. juni 2013

STATSRÅDVISITT!


Grenda får statsrådbesøk!
Sjølvaste landbruksministeren kjem til gards i grenda!
Dette stod i Fjuken så da må det vera sant.
For fyrste gong i historia får vi besøk av ein statsråd, tidlegare har dei berre kjørt fort gjennom grenda i mørke bilar. Rart dei ikkje har stoppa på her før?
Flott at dei vil sjå korleis det er å drive i marginale og brattlendte strok. Men bratte og solvendte bakkar gjev god grøde. Vi helsar statsråden velkomen til grenda, han vil heilt sikkert ikkje angre!

mandag 3. juni 2013

tranevisitt!

Vi har høyrt dei lenge - i går kom dei på visitt høgt oppi jordet. 

Flotte gjestar!


Dagar

"Alle desse dagane som kom og gjekk, ikkje visste eg at dei var livet" 
er berømte ord.
Dei kan og nyttast i Bråtå  -men her har vi inntrykk av 
at dagane har fått vengjer og flyg avgarde!

Dei aller fleste av dei er trauste kvardagar, 
med ein og annan raud og meire festeleg dag innimellom. 
Og brått kjem det ein RUND, fin dag og helsar på
 - da blir det kake med mykje krem! 

 Og vi gjer oss enda fleire tankar om kor fort denne tida går...

.