Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

mandag 14. april 2014

Serviettfestival!

Ja, i fylgje årets russerevy går det nå mot serviettfestival i Bråtå!
Sjølvsagt reknar dei med mykje folk, 
så Utgard i Lom vert for lite, Bjørkås blir arenaen.

Og vi lyt nok mobilisere - dei har rekna ut at det vil
 til 14 500 bråtingar som skal sitje og brette serviettar 
som skal seljast under festivalen.... 
Som vi ser, er ein godt i gang allereie!

Russen har servert bygdefolket ein solid og god revy i år og, 
og vi må berre ynskje dei lykke til med både russetida og eksamen.
 Og sjølvsagt er dei hjarteleg velkomne til Bråtå !


Såmårdagen 2014

 Ja, det er ingen tvil om kva årstid vi går mot! 
På såmårdagen i dag ser det slik ut i Bråtå.


Og værkua utanfor døra spår betre vær - dette blir nok bra!