Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

fredag 22. mars 2013

Prøvetur!

Påska ligg framfor oss, og torsdag vart ein fin dag for ein liten prøvetur !
 Blå himmel, blå swix under skia, ingen blåveis i sikte - vi er klare for påska!


torsdag 7. mars 2013

Vi vil sjå på innretningen!

 

Ja, han sa så, gardguten på Evenstad!

Akkurat nå er det ikkje klokkeinnretning vi er mest interesserte i, men noko heilt anna.
Ny kvitevare er vurdert innkjøpt, og i 2013 skulle ein tru det var ei smal sak å studere nettopp innretningen på det ein vurderer å anskaffe seg. Trudde vi.

Den kvitevara vi ynskjer å skaffe oss, finst ikkje utstilt i butikk i heile Ottadalen, og ikkje eingong i byen ved Rondane. Men på nett, trudde vi, eller i ein gamaldags katalog av papir - DER kan ein vel sjå på innretningen!
Men nei, kvitevara er avbilda på alle kantar utvendig - og det vert ein ikkje særleg klok av når det er INNRETNINGEN som er interessant!

Praktiske som vi er, har vi alliert oss med kjenning i Dølabyen, som utstyrt med telefon med kamera skal fotografere innretningen for oss og sende bilete så vi kan studere, ja, nettopp innretningen.

Framhald fylgjer......

onsdag 6. mars 2013

BOK-KAFE

                                                           Sundag 10.mars frå kl. 18.00.


Lesestoff for alle aldersgrupper. 
Skjønnlitteratur og faglitteratur.
Kom og ta eit bokbad i Bjørkås!
             

mandag 4. mars 2013

Snipp, snapp, snute, så var februar ute!

Den stuttaste månaden er over, og jammen gjekk den unna!

Morsdag og fastelevn vart feira på sømeleg vis, med krem både her og der.



Vinterferien ligg og bak oss, men ikkje lenger bak enn at vi sender ein stor TAKK til Per i barndomens skiløype som tok oss for å vera barnebarn og ikkje barn til opphavet. 
Den kommentaren skal vi ta godt vare på!

I vinterferien har vi og vore fosterheim til ein som er spenstig, grøn og blå.
  
Det er litt av eit ansvar, men det har gått over all forventing. Når det lir litt ut i veka skal "fosterbarnet" heim til sin rette heim, vi håper og trur i minst like god form som da han reiste.

Nå ligg mars ny og ubrukt framfor oss - ta han i bruk!