Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

mandag 28. oktober 2013

Å NEI SLIK EIN HUGLEG HAUST!

Ja, det må vi seie oss samde i. Mykje sol og varme har vi fått og frosten let vente på seg.
Da kjennes ikkje vinteren så lang. Det er Tore Ørjasæter som har sett pris på hausten i dette diktet:


Å nei slik ein hugleg haust!
Himilen djupblå seg kvelver
og solglansen skir i aust
stillt gjennom ljosblånen skjelver.

Og upp ifrå einsleg dal
over den hauststille sæter
det skin gjennom lufti sval
inn i den evige æther.

Nei aldri so evigblå
breidde seg ljos-kvelven blanke.
No synet mitt upp kan nå,
sælt som min stigande tanke.

Og stilt, når det skuming fell,
bleiknar den dags-djupe blåne,
då kveikjest det stjerne-eld
og sylvglans frå bleike måne.

Når natt over bygd og bol
sløkkjer den ljoskvelven blanke,
som glans av ei evig sol
stiger so stillt i min tanke.




søndag 20. oktober 2013

- i bla'e!


Bråtå havna i bla'e fleire gonger siste veke. 
 På sin plass, tykkjer nå vi, og 
journalisten har heilt rett - det er fint her!

Stutte og tjukke!

Det er konklusjonen på fasongen på årets gulrotavling.
Men kva gjer vel det - dei smakar himmelsk godt!

torsdag 10. oktober 2013

KAFFE OG LESESTOFF!

Ja, det blir det på kafeen i Bjørkås
SUNDAG 13. OKTOBER frå kl. 12.00 til 15.00.

Denne dagen får du høve til å sjå i utklippsbøkene
som Oddveig Plassen har. Ho har samla gjennom
fleirfaldige år, så dette blir artigt!

VELKOMEN!