Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

onsdag 29. juni 2011

I SKODDA...

Vi merkar at det har kome mykje nedbør vestafor oss. Det dampar av Åstre og det er høg vassføring. Ser ut som det er meir nå enn da det var flåm nedover Gudbrandsdalen tidlegare i Juni. Ei oppleving å gå langs elva i skodda. Trolsk og evertyrleg. Varmt og klamt.

Skauta kastar seg utfor med store krefter.

Fin flyt i andedammen!

Skodda lagar stemning.

Og blomane stod ikkje i, men under vatn.

mandag 27. juni 2011

Alle guters draum?

I desse dager får deler av grenda nytt autovern.
Kvifor ikkje heile grenda skal sikrast er eit
spørsmål som veigvesenet lyt svare på.
Merkeleg er det iallefall!

MEN: bilen som dunkar ned stolpane
må da vera alle guters draum - den er radiostyrt...

fredag 24. juni 2011

Midtsommar på Påleplassen


Med omlag sju regndropar i lufta tok vi ingen sjanser
- partytelta kom fram på Påleplassen til
midtsommarsfeiringa torsdagskvelden.

Eitt på plattingen og eitt over grillen.
Fungerte supert - og opphaldsvær, det vart det sjølvsagt...



Riktig så triveleg å grille under tak!



Det er ikkje riktig å si at det ikkje er futt i tenåringar - sjå berre her!

Bra med futt i dei som har passert tredve og....

Og så vart det kilkasting.
et håper vi at vi skal til meire av i sommar!
Vil du vera med?

tirsdag 21. juni 2011

HAFEILLÅRET...

Det er hafeillår i år.
I Bråtå har vi, som i resten av bygda mange ulike hafeiller, så som :
vanleg trådgjerde,

rester av piggtråd,



stakitt,

type strømtråd,

liggjande hafeille,

autovern,

- og vantande hafeille...

Ein ting er sikkert, hafeillår eller ikkje:
hafeiller gjev oss noko å prate om!

MIDTSOMMAR


Torsdag feirar vi St.Hans på Påleplassen.
Ta med mat og drikke. Grillen er varm frå kl. 19.00.
Været blir godt nok!
Velkomen!

onsdag 15. juni 2011

Siste tur med gjengen...


Alle dei spreke syklistane som for nordover Bråtå i dag
var 10.klasse ved SKjåk ungdomsskule
som hadde sin siste tur som klasse.
Målet var Påleplassen, grilling og konkurranser.


Tøying av stive sykkel-lår måtte til
- ein sangleik løyste opp muskler både her og der...

Ein flott gjeng !

søndag 12. juni 2011

ELVEBRUSMESSE

Sokneprest Hege Fagermoen

Nordberg Tvauraderlag


Karusellgruppa song flott for eit stort publikum


Og så vart det kyrkjekaffe....


Å, strålande pinsvere unders mildt!

Ja, slik startar diktet "Pins" av Tore Ørjasæter.

Med ei vårflaumbrusande Åstra i bakgrunnen vart det
ein strålande 1.pinsedag på Påleplassen
for dei 75 som møtte opp på "Elvebrusmesse".

Nordberg tvauraderlag spelte leiker etter Lars Kveen,
Karusellgruppa frå kulturskulen
gledde oss med songar frå "Den levande skogen"
og Oddveig Plassen las dikt
av Tore Ørjasæter i messa
som soknepresten vår, Hege Fagermoen heldt.

Etter dagar med regn og ustabilt vær,
kom pinsedagen med opphald,
bra temperatur og vindstille.
Som bestilt?

lørdag 11. juni 2011

VI HÅPER PÅ DET BESTE...

http://www.fjuken.no/index.cfm?event=doLink&famID=183745&frontFamID=84050

Om huset ser sliti ut, så står det stødig og godt. Kanskje ikkje så rart at vestveggen er som den er, tenk når været står på for full styrke i Raudalen!

onsdag 8. juni 2011

ARBEDSKARER

Gode arbeidsfolk er det alltid bruk for! Simon og Helge har brukt av tida si til å lage ferdig uthuset på Påleplassen. Blide er dei, men så vart det kaffe etterpå og. Vel fortjent!

søndag 5. juni 2011

1.pinsedag på Påleplassen

1. pinsedag, 12. juni kl. 12.00

blir det utemesse, "Elvebrusmesse" på Påleplassen
ved sokneprest i Skjåk,
Hege Fagermoen.

Nordberg Tvauraderlag deltek,
samt Karusellgruppa frå kulturskulen.

Oddveig Plassen vil lesa dikt av Tore Ørjasæter.

BOOC serverer kyrkjekaffe.

Ta med stol!

FYRESUMAR av Tore Ørjasæter


Du går her så ybben og ordtregg
og ser ikkje det er sumar
med kvite blomar på Storhegg,
yndeleg angande blomar.

Du går her og gjerer streitlegg
so kalvbeint og klar i kneom,
og ser ikkje lauve i Geit-egg -
knuppar på alle treom.

Du går her so slakk og slunkjen
og sutrar hugill og hånen,
men sumarvind linn og lunkjen
blær gjenom solskinnsblånen.

Du går her, din glåmstein-vedde
og lakkar so tungt og loa!
Du vøre ein naugod nedde
berre du meir var moda.

Nei, no må du sjå upp med augom;
det brultar med ofsa bråe
det skrell burti Kollungshaugom,
og kling over Hellflat flåe.

Skautåi er det som losnar
langt uppi Styggehø-skridom.
Det livnar i vêre og ljosnar
med vårflaum i alle lidom.

Storelvi flyt i flodmål
blånande djup og draumstill.
Fjellfossen ung i utol
kastar seg kåt og straumvill.

Og ifrå stygge åstup
kvitskume fell og fløymer,
men imot bleikan blådjup
solbåror stig og strøymer.

Sevja ho stig i treom,
det lauvast kav uppåt Geit-egg.
Men du går her kalvbeint i kneom
og sterrar og gjerer streitlegg.

Kjenner du livssaft og sevje
stige med søte i hjarte,
so gåkje og heng, men hevje
ditt auge mot dagen bjarte!

fredag 3. juni 2011

GULT!

Så er dei komne for fullt, gullbostane! Det lyser gult i grenda.

Ikkje berre gule, dei er gode på smak og!