Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

onsdag 24. april 2013

Ja, vi mintes - både eitt og hitt!

Minnebok-kvelden i Bjørkås vart ein alle tiders kveld.
Dit kom det bøker med minner frå 40-talet skrive med  skjønnskrift  og blekk - og fram til glade tusjfargar med ymse slags penneføring.

Høgtlesing høyrer med, og mange av minna gjekk att, med ynskje om lukkeleg liv, snille ungar, visdomsord om korleis ein bør te seg og til eigenkomponerte dikt og tildels urytmiske vers. Somme minne var berre ei teikning, somme var rikt dekorerte, andre var heller upynta.

Eit av dei mest brutale minna var kanskje:

"Elsk din mann og akt han, blir han slem så slakt han".

Ein verkeleg minneverdig kveld - som hadde hatt plass til fleire. Lovar de å kome om vi ber inn til ny kveld til hausten??


På kanten!

Ja, vi kjende at vi var på kanten av eit eller anna tysdagen denne veka. 
Var det samanbrot eller var vi på tur ut av komfortsona vår?
 Bråtålivet fekk seg ein real oppsving da det vart kjent  i dei indre kretsar at 
sjølvaste "Klaus på kanten" ville gjera opptak til programmet sitt på vår
 vesle "Kom-og-sjå-på-serviettsamlings-kveld" i Bjørkås.

Midt i serviettmylderet kom Klaus med team - 
somme av dei nikka til og med gjenkjennande til enkelte serviettar 
og meinte dei fantes på eit loft ein plass. 

Andre var på gyngande grunn, men at det å samle
 på serviettar er bra for sjela var det ingen som tvila på.
Praten gjekk lett, og etter ei stund med serviettar, liv og levnet i Bråtå som tema 
vart det kaffe, rumbrød, avletter og snipper.

Ein særs triveleg kveld - nå er det berre å vente på tv-programmet!
 
 Ingen skreppekremarar, berre serviettsamlarar!

 Orden i samlinga her, ingen tvil om det!

 Stas med gruppebilde - særleg for Klaus??

 Servietter i geledd!

 Ingen fare med oss om det var ruskevær ute - 
det fantes serviett med kart over nærområdet i ei av samlingane!

 Midt i rumbrødsetinga vart det overlevering av Bråtå-t-skjorte

 Da blir sjølv kjendisar så smellande glade

 at leiven gjekk igolvet....

Heldigvis var det som vanleg meir der det kom frå i Bjørkås!

søndag 7. april 2013

Takt og tone.


Det fekk vi oppleve til gangs da vi tok turen til dølabyen i går kveld for å sjå og høyre m.a
 HM Kongens Gardes musikk og drilltropp.
Det gjekk kaldt nedover ryggen på oss fleire gonger - for ein utruleg prestasjon!

Og så er det litt rørande å tenkje attende på han 
som stod på ein krakk i Bjørkås og spela munnspel 
på grendahusjubileumet for nokre år sidan. 
I går var han ein av desse stramme ungdomane i paradeuniform og med blankpussa messing.

 Opningsfanfare

 Det skal spelast utan noter og marsjerast i mange slags formasjonar på ein gong

Og skopussen var det ingenting å seie på!

fredag 5. april 2013

Minnast du???

 Visdomsord skrive med "ta-seg-på-tak-skrift", gjerne i fleire fargar?

 Det klassiske ynskjet om eit lykkeleg liv?

 Pent teikna blomar , med litt utsø fargelegging?

 Til dels psykedeliske fargar og mønstre på bokomslaget?

Nettopp - dette finn du i minnebøker 
som truleg ligg godt gøymt i skåp og skuffer.

Ta dei fram og ta dei med til Bjørkås neste sundag, den 14. april - 
da blir det
 MINNEBOK-KAFÈ frå kl. 18!

Innretningen!

Det var ikkje akkurat denne innretningen vi hadde lyst til å sjå på,
 nevnt i eit tidlegare innlegg....

Kanskje er det eit kvitevarevirus ute og går? 
I allefall har enda ein tenleg ting takka for laget, 
og innkjøp må til. 
Sjøl om videnne gongen fekk sett på innretningen utan problem.

tirsdag 2. april 2013

Samandrag

 
 I korte trekk kan vi vel seie at påskeveka 
vart slik som vi vanlegvis drøymer om - 
med sol kvar dag, gneistrande Blå Swix-føre,
peiskos med twist attåt, ski oppetter veggen
og klare, vakre morgoner...


 I tillegg vart det jo litt kortspel,

 skitur i omtrent urøyrt natur

og mykje leik!