Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

onsdag 24. april 2013

Ja, vi mintes - både eitt og hitt!

Minnebok-kvelden i Bjørkås vart ein alle tiders kveld.
Dit kom det bøker med minner frå 40-talet skrive med  skjønnskrift  og blekk - og fram til glade tusjfargar med ymse slags penneføring.

Høgtlesing høyrer med, og mange av minna gjekk att, med ynskje om lukkeleg liv, snille ungar, visdomsord om korleis ein bør te seg og til eigenkomponerte dikt og tildels urytmiske vers. Somme minne var berre ei teikning, somme var rikt dekorerte, andre var heller upynta.

Eit av dei mest brutale minna var kanskje:

"Elsk din mann og akt han, blir han slem så slakt han".

Ein verkeleg minneverdig kveld - som hadde hatt plass til fleire. Lovar de å kome om vi ber inn til ny kveld til hausten??


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar