Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

mandag 20. mai 2013

Handarbeid

Sjølv om det meste av Bråtå-utelivet no til dags er sterkt mekanisert, 
er det gjeremål som framleis treng handamakt. 
Hafeilling er eit av desse gjeremåla, 
eller som vi observerte i helga - røjing av møkkaruver frå i fjor. 
Ekte handarbeid, det!

17. mai

Tradisjonen tru vart de tfeira 17. mai i Bjørkås i år og. Alt var som det plar, med rikelege sendingsfat, litt slitne stakkar og plagg, kaffe, lademjølk og god prat. Utlodding og leik høyrer og med om det skal verta 17. mai på rett!




Takk til alle som kom og gjorde kvelden triveleg - velkomne att!

Hugubry!



Kven er det som har forvilla seg inn på desse to serviettane her???

søndag 5. mai 2013

DUGNAD!

Eit sikkert vårteikn er årets dugnad i Bjørkås.

Laurdag 11. mai kl. 11.00 er det klart for årets dugnad!

Møt opp med rive og anna tenleg reidskap for å vera med å gjera det triveleg rundt grendahuset vårt!

Vi har høyrt rykte om at det vert servering i år og....