Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

tirsdag 27. mars 2012

Palmesundag


ligg rett rundt hjørnet nå.

Tradisjonen tru er det da messe i Bjørkås klokka 11.00.

Dette blir siste messa som sokneprest Hege skal ha i Bråtå.

Om alle tek med litt mat blir det som vanleg ein solid kyrkjekaffe etter messa!

Velkomne!

Det vårast!


Jammen haar det vårast skikkeleg dei siste par vekene i grenda vår.
Sjølv om det er stor variasjon frå nørdst til synst i grenda,
har alle meir eller mindre bare jorder nå.
Småfuglane kvitrar omkapp med vårvinden
som slett ikkje er kald kvar dag...
Og kva er vel meire vår enn nye joggesko?

Ja, anna enn nye, grøne joggesko??

tirsdag 13. mars 2012

Kaffetyrst?

- eller pratesjuk?


Sundag 18. mars kan du både få prata

med kjentfolk og kosa deg med kaffe og litt attåt,

for da er det kafè i Bjørkås att!


Vi held ope mellom klokka 12 og 15.


Store og små hjarteleg velkomne!

søndag 4. mars 2012

SUNDAGSTUR TIL SLÆOM

Fint driv innover Mysubyttdalen. Prima føre,
litt nysnø på steinhardt underlag.
Ikkje meir snø enn det trengs for å berge påskeføret.

Nista er oppeten og det er på tide å vende.
Kupløyftet frista ikkje i dag, det var tidvis blindføre.

SOTTJØNNBU

Det var omtrent som å gå på betong opp Sotlie attpå
mildværet. Sottjønne frista, utsynet frå der blir ein
aldri lei. Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå....

Prima utsikt kvar ein snur seg. Lengst bak ser vi
vestre Holåtind, ikkje så mange timar unna.

Her er det godt å vera.
Spent på å renne ned att på det harde føret.
Konklusjonen var at det gjorde godt halvgamle kne og lår.