Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

torsdag 29. desember 2011

JULTREFEST

Lademjølk og mat på fat må til for at
det skal bli skikkeleg juletrefest.
Tradisjonen med at ein frå kvar heim tek med mat
står heldigvis sterkt i grenda.


Etter at nissene hadde delt ut pakker tok dei like godt ein swingande nissedans!


Ein godt nøgd vinnar av fruktkorg!


Gang rundt juletreet høyrer med, både for store og små.



søndag 25. desember 2011

Jammen kom han....


nissen, i går kveld!
Men med mange å fare over, hadde han ikkje tid til å hefte på.
Truleg var det mange som hadde vore snille i år og.

I dag er det dagen til å studere gåver og kose seg, kanskje er nettopp 1. juledag årets rolegaste dag? Uansett kva du gjer i dag - kos deg!

torsdag 22. desember 2011

JULETREFEST

Juletrefest i Bjørkås
3.juledag kl.12.00.
Bevertning.
Utlodning.
Gang rundt juletreet.
Kanskje kjem nissen..

Ein frå kvar heim tek med mat.

VELKOMEN!

søndag 18. desember 2011

FJORTEDÅGÅ FYRI JULOM

Det er berre ei veke til jul, men dette diktet av Tore Ørjasæter kan brukast lell.

Aldri verre vera til
enn fjortendågå fyri julom
for øyk og kar, for øyk og kar.
Fyri dag og ette dag,
står merre sett for meiom.
Gudbrand-guten ligg på morken
slit heim ved og lauv til jul.
Gro ho ber seg ilt for grismat,
d`er eit gnyr um grjon og sul.
Håvar husbond vekte henne
tri timar fyri tidleg.
Grov`n seg upp i gråe otta,
ligg og gneg og mel ved kvenni,
kjem kje heim att fyrr over midnatt.
Og Gro ho klagar seg ille ved:
D`er so vidt eg har lagt meg ned,
står husbond uppatt og hua`,-
inkje kvile og inkje fred:
Stå upp kveik elden på grua!
Eg flyg upp i fljugandes renn,
fatar flyssa i hendom,
fram i peisen pustar og blæs,
det blæs meg or båe endom.
Gryta er klaka og veden ukløyvd,
og dagen grånar i grendom.

-når en pepperkakebaker

-baker pepperbakekaker

-da blir det både stjerner, griser og hjerter
som smakar himmelsk til ein god kopp kaffe!

Siste advent

Juleblomane er snart i hus hjå dei aller fleste.
Det er mykje å velje i, og alle har vel SIN eigen favoritt,
her er ein - amaryllis.
Omtrent som ut av ingenting sprett det ein dag ut
store vakre klokker som står og lyser opp lenge.
Ei riktig juleglede!

Vi tenner fire lys i kveld, og lar de brenne ned.
For lengsel, glede håp og fred,
men mest allikevel for fred
på denne lille jord der menneskene bor.

For ungane er det snart att berre å vente....
medan mange vaksne nok har meir enn nok å henge fingrane i,
og mangt å mykje å tenkje på og ordne før den stor julehøtida.

Lugum pauseaktivitet i både venting og tenkjing kan vera ein sparktur!
Føret er ypparleg,
og med passe mykje laussnø i kanten som er med og bremsar om farten blir for stor.


søndag 11. desember 2011

Det fyllest opp!

Ja, sjølv med "smørkrise" og store oppslag i media
blir det julebakst!

Her har brune pinner fått
ein mellombels heim i boks,
så gode som dei vart blir dei nok ikkje særleg gamle!

Som kjent smakar jo julebaksten aller best FØR jul...

vi tenner lys

Så tenner vi tre lys i kveld,
for lengsel, håp og glede.
De står og skinner for seg selv og oss som er til stede.
Så tenner vi tre lys i kveld,
for lengsel, håp og glede.



Og vi er ei veke nærmare den store høgtida.
Dagane er korte,
ta vare på kvar ein av dei og bruk dei godt!

Hugs at ingenting du gjer er unyttig!

fredag 9. desember 2011

Virvar

kan det fort bli når pakker skal få både
riktig papir, band og pakkelapp nå i desse tider.
Vi har kjensla av at årets operasjon gaveinnpakking gjekk riktig så bra.

Det er moro å ta pakkejobben sjølv i staden for
å la trena butikkhender surre inn det du skal gje bort.
Ingen tvil om at gava blir meire personleg!
Lykke til med papir,teip og band!

Førjulsstemning!

Ja, det vart ein stor og flott kveld med kulturskulen
i Bjørkås onsdagskvelden.
Nokre spela for publikum for aller fyrste gong... spanande,
men det var slett ingenting å grue seg for - det gjekk strålande!

Karusellgruppa er mange, men jammen son dei ein og ein dei og!
Flott å høyre på!

Mari er dreven og nesten som veteran å rekne.
Vi visste at ho var god til å steve, men jammen spela ho gitar og!


og desse "Gitarkameratene" kosa seg
med servering etter at forestillinga var over.


Og vi gjekk vidare inn i førjulstida,
litt gladare og imponerte enn da vi kom.
Vi gler oss til neste år!

søndag 4. desember 2011

Førjulskveld med kulturskulen

Ja, det blir det i Bjørkås
onsdag 7. desember kl. 18.00.

Det er tredje gongen elevane frå kulturskulen
kjem til oss for å halde førjulskonsert.
Den er vel verd å få med seg!

Det blir sal av kaffe og mat, gratis inngang.
Vel møtt!

Kafè i Bjørkås i dag!

Det blir mange gode samtaler når ein er på kafè i Bjørkås.

Dei fleste har god tid, og når ein ikkje treffest
til dagen kan det vera så mangt å diskutere.


I dag var det i tillegg til kafè sal av julebite og juleknask...


- salet gjekk strålande...

Og i dag tende vi to ljos. Advent er igang for fullt!


Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede.
De står og skinner for seg selv
og oss som er til stede.
Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede.

mandag 28. november 2011

Endeleg

- er det kafè i Bjørkås att!
Sundag 4. desember ,
2.sundagen i advent kan du kjøpe deg ein god kaffekopp
med nysteikte vaflar eller inkort anna godt til,
treffe kjente og kose deg i førjulstida.

Vi vil og, i år som i fjor og året før der,
selje litt julebite og nytt av året - julegodter.
Heimelaga, sjølvsagt.

Små og store er hjarteleg velkomne!

søndag 27. november 2011

advent


Så tenner vi ett lys i kveld,
vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv
og oss som er til stede.
Så tenner vi ett lys i kveld,
vi tenner det for glede.

Fyrste sundag i advent ber alltid med seg ei slags forventning.
Ljos vert tende, og førebuingane til julehøgtida set for alvor igang.

Vi ynskjer alle ei flott adventstid,
og hugs at det ein ikkje får gjort før jul,
kan ein alltids få gjort på nyåret!

-tiddelibom!



Ja, jammen snør det i Bråtå i dag,
og han som ynskte seg ein halvmeter med snø
her om dagen er nok gruleleg tilfreds nå.



Ungane storkosar seg i mykje laussnø,
medan andre nok helst hadde sett at den kom ferdigbrøytt...

Uansett så endrar landskapet seg
når den kvite vinterdyna kjem, og vakkert er det!

lørdag 12. november 2011

Festen er over....

Ja, for vi fekk ein flott festkveld i Marlo Grendahus i gårkveld!

Arrangørdamene var grueleg spente,
og sommarfuglane flaksa godt heile dagen.
Men etterkvart som utøvarane kom, gjorde unna lydprøver
og samla seg i peisstugu roa vi oss ned
- med så mange flinke folk på scena måtte det bli bra!

Spaningsmomentet vart om det ville kome folk for å høyre på...
Og det gjorde det!
Kvar kom dei frå, alle saman, tru?
Grendahuset vart iallefall fullt og vel så det.

Tusen takk til alle som sette av kvelden for å vera ilag med oss!



I peisstugu fekk aktørane vera i fred før det heile braka laus.
Her Vox Morsem og Annbjørg Aabooen.


Skjåk spel- og dansarlag under prøva. Stilige!



Geir Byre har mange vener
- her er nokre av dei igang med vals i moll.



Vi vil gje ei rose til alle som var med og gjorde kvelden til ein fest:

-til Nordberg tvauraderlag for at dei spelte leiker etter Lars Kveen

-til storsjarmørane frå kulturskulen som song om været

-til Annbjørg Finnekåsa Aaboen som las "Ord over grind"

-til Vox Morsem for vakker song - "Eg ser deg i auga"

-til Lom & Skjåk brass for god korpsmusikk

-til Skjåk spel- og dansarlag for vals og springleik - de er så flotte!

-til Maria Eftevåg Melby for nydeleg song, du er "den finaste vi veit"!

-til Geir Byre med sine vener for visesong og vals

-til "Tattoo'd Ladies" for skikkeleg rock'n roll - meire, meire, meire!

-til Gudmund Teigen for turen "Nordpå sætrom"
og den høgst aktuelle preika etter gammal-Pær

-til Guro Grimstad - Skjåk si eiga "Sissel-stemme",
med både vestlands- og høgfjellssang

-til Torill Wassæther, Astrid Skjåk og Magnhild Teigum
for ypparleg hafeillprat - de er parlause!

-til publikum for allsang av grendahusvalsen

-til ordføraren som heldigvis ville dele ut pris

-til Anders Bakken og Johannes Enersvold
for utruleg godt lydarbeid - detta fiksa de superbra!

-til Håvard og Sindre for scenearbeid,
slike gutter, det vil gamle Norge ha!

-til Gerd Flatmo som baka og kokte
- du gjorde ein uvurderleg jobb!

-til vaktmester Ola som snikra scene til programleiinga

-til Susanne frå kulturetaten som stod på meire enn dei fleste...

-og til alle dei som hjalp til med tilordning og rydding

VI HADDE IKKJE KLART DET UTAN DYKK!

onsdag 2. november 2011

det boblar....


i topplokket hjå nokre bråtingar om dagen...

Har vi teke oss vatn over hovudet?
Datoen 11.11.11 kjem nærare og nærare,
og da er det vår tur til å stå som arrangørar av årets Skjåk-kveld!
Spennande oppdrag for uerfarne bråtingar.

Så om vi er litt oppfarande eller distrè om dagen
- ikkje ta det personleg!

Håper at flest mogleg vil kome til Marlo
neste fredagskveld for å sjå kva vi har fått kokt ihop!


Ein ting er sikkert - det er ikkje tytingsyltetøy!

torsdag 27. oktober 2011

Motto for Bråtålivet


" Ein skal ikkje lyfte seg over kvardagen, men lyfte kvardagen om ein kan"
skreiv Tore Ørjasæter.
Eit motto som alle kan dra nytte av!
I dag lyfter vi kvardagen med :
dessert.

Av og til berre kjem det over oss - vi vil ha dessert!
Og akkurat i dag vart det trollkrem;
piska lenge og vel til den er blank og stiv,
eit lett slør med vaniljesaus, og så er det berre å nyte.
Eit ekte kvardagslyft!

søndag 9. oktober 2011

Vi veit det så vel



- at snøen kjem, før eller seinare.

Nokre ynskjer den velkomen før,
men mange ynskjer ikkje å sjå den før seinare.
Nå er den her!

Om den blir liggjande for godt er vel heller tvilsamt,
men jammen fekk vi ein solid forsmak
på vinter denne siste sundagen i haustferien.

Køyr forsiktig, om det er på to eller fire hjul!

tirsdag 20. september 2011

TVERREGGE - ein hausttur


Å gå på Tverregge er ein grei tur. Fint råk opp reset. Når ein kjem over bjørkaskogen er det litt steinur å gå i. Utsikta er prima. Om ein vil, er det berre å fortsetja vestover og så nedpå Handspiken og returnere om Syrtbyttdalen. God tur!

Tverrådalskyrkja, denne gongen frå "baksida".
Røykjeskålsvatnet, Sotflye og Holåtinder.
Mysubytta.
Mysubyttdalen. Sygneskardsbreen i bakgrunn.
Rivenoskulen og Greinbreen

BRENNSÆTRA - S0TA,- ein sommartur

Start frå Brennsætra. Ja, her skal vi opp!


Godt i gang komne, her går det berre fram og oppover!


Opp bratta komen blir ein belønna med panoramautsikt,
da må både kikert og kamera fram.


Mål i sikte, og alle tykte det var ein fin tur -
som det heiter i mange norskstilar...


onsdag 14. september 2011

Kanskje det hjalp?

Ja, å eta (val)flesk til middag på valdagen?

Bråtå fekk iallefall inn den yngste
representanten i Skjåk kommunestyre!

Vi ynskjer lykke til med det som ligg framfor
deg av utfordringar og lærdom dei neste fire åra!

mandag 12. september 2011

Lett val

Det var ikkje mykje å lure på da dagens middagsmeny
skulle planlegjast.
Valet vart lett - (val)flesk!

Bråtålivet smiler...

- når det for ein sjeldan gongs skuld blir fruktkorg med heim....

mandag 29. august 2011

Hiv og hoi, snart er skatten vår...


Ja, for det er da ved enden av regnbogen skatten ligg???