Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

mandag 20. januar 2014

Månskjen

 Det er heilt objektivt sett alltid vakkert i Bråtå - også i månskjen.

Det har vi hatt rikeleg av dei siste døgra - håper 
riktig mange har teke på seg varm jakke og gått ut ein tur for å nyte synet!


mandag 13. januar 2014

Takk for nå!

Neida, vi avslutter ikkje bloggen på nokon som helst slags måte!

Vi seier takk for denne gongen til alle nissar, engler, 
ljos og stjerner av mange slag som har pynta husa våre i jula. 
Tjugand-dagen er her, jula er over for denne gongen 
og alt vert pakka meir eller mindre sirleg ned og gøymt
 i asker, skuffer og skåp til vi ser i desember att - langt der framme. 


onsdag 1. januar 2014

GODT NYTTÅR!

Vi ynskjer alle eit riktig godt 2014!

Det nye året ligg blankt og urørt framfor oss - lat oss fylle det med mange positive hendingar i lag!

Inga riktig jul utan:

JULETREFEST!
Ein stor takk til alle som kom på tradisjonsrik juletrefest 
-vi hadde det både triveleg og morosamt!