Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

mandag 25. april 2011

DET VÅRAST...

På Kollongen var det snogheilt fyrst i påska. Nå er det snart føre for joggesko der og.





Skauta er i ferd med å opne seg. Spennande om ho kjem "med skott" i år.


Og tranene er på plass. Slett ikkje lette å fotografere, men til gjengjeld så høyrer vi dei godt. Dei er ikkje redde å gje lyd frå seg, og gjerne på morgonkvisten...






torsdag 21. april 2011

Påskehelsing frå Mysubytta


Nokre tradisjonar er vansklegare å bryte enn andre -
mellom anna skjærtorsdagtur til Mysubytta



Stor vassføring i elva.


"Flekkjebert" på Mysubytta.


Det rann godt i grøfter og over tette stikkrenner.


Og føret var det ein kan kalle vekslande...


onsdag 20. april 2011

GOD PÅSKE!

Ut og få luft under vengene! Nyt påskedagene! I fjell og dal, by og bygd. Med klister og solkrem eller med rive og spade.

tirsdag 5. april 2011

"VASS-SKISPORTENS DAG"!

Ikkje mykje hjelp i universal klister
på sprayboks med slikt føre...


Krevjande skiløype!


Og etter vegen var det overfylte grøfter og tette stikkrenner,


slik at Sotvegen kunne samanliknast med "Overfloden"!
Men alle var einige om at det vart ein
minneverdig dag - "vass-skisportens dag".

KVELDSMAT I BJØRKÅS!


Det blir god høve til å kose seg med kveldsmat

i Bjørkås sundag 10.april!


Det blir dekka matbord med brød av mange slag,

godt pålegg og sjølvsagt lademjølk og kaffe.


Maten står på bordet mellom kl. 18 og 21.


Men ikkje nok med det - kl. 20 ruller vi ned lerretet

og ser på opptaket som vart gjort av vandrespelet

" Bråtå for 275 år sidan".


Det blir nok eit triveleg gjensyn!


Små og store er hjarteleg velkomne

til ei triveleg kveldsmatøkt i aprilkvelden!

mandag 4. april 2011

Det vårast....


Mange gardsvegar i grenda fekk hard medfart i helga. Laurdagen var varm og våt. Varmegrader, regn og tela stikkrenner var ein dårleg kombinasjon...