Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

tirsdag 24. desember 2013

GOD JUL!


Vi ynskjer dykk alle ei God jul og eit Godt nytt år! 

Dette bildet vart teke veslejulekvelden og vi ser at sola er bak skyene. Det lovar godt!
I dag, julekvelden snør det. Men det er langt att til Bråtåvær enda!

mandag 16. desember 2013

KJØPE KALENDER?


Har du kjøpt kalender for 2014?
Damene i BOOC har laga jubileumskalender, for i 2014 er det 20 år sidan den fyrste "Bråtiada" vart arrangert. Her er litt av januar, kjøper du kalender får du sjå heile bildet!
Kontakt Kari Ø. eller Kari E., så kan det fort bli ein handel!

Prisen? 100 blanke kroner så er den din!

tirsdag 26. november 2013

å jubilere....

- det bør ein markere! 
Heldigvis finst det så mangt ein jubilere, og 2014 blir eit jubileumsår i Bråtå.

For tenk, da er det alt 20 år sidan vi i olympisk rus etter LillehammerOL smelte i stand vårt heilt eige attpåball:  BRÅTÅ-OL!

Slikt kan ikkje gå upåakta hen - og som ein start har vi laga opp ein eigen jubileumskalender!
Den blir for fyrste gong synt fram på kafèen den 1. desember - og den blir sjølvsagt til sals!
Ein sniktitt kjem her:

SJÅ PÅ JULESERVIETTAR KVELDSKAFÈ!

I år gjer vi ein vri på førjulskafèen i Bjørkås:

sundag 1. desember mellom kl. 18 og 21 
kan du kjøpe deg kaffe og ein smak av jul attåt.

I tillegg vert det utstilling/byting/beundring av juleservietter som vi har liggande rundt omkring i meir eller mindre sytematiserte oppbevaringsmodular...

Har du ikkje serviettar?  
Kom lell!
 Du vil sikkert kjenne att ein eller fleire av dei serviettane som er i ei samling!

mandag 18. november 2013

interesse

Det erså mangt som kan interessere oss - og av og til kan ein undre seg over kva som gjer at akkurat dette temaet er så interessant?
 Ta våre kjære serviettar..... ja, vi veit at det har fått ein del plass både på blogg og tv i år, men vi gjev oss ikkje heilt enda. Kva er det med desse små papir"fillene" som gjer at nokre går heilt av skaftet for å byte til seg akkurat DEN servietten med akkurat DEI blomane på?
Kvifor ser vi stadig vekk damer stinge ein pent brukt, eller aller helst ein ubrukt rett frå vertinna si serviettpakke, serviett ned i veska - fordi den var så pen?
Vi vil fundere meire på dette 1.sundagen i desember - som tilfeldigvis er den 1. desember i år.
Da vil vi ta med oss serviettar til Bjørkås att, serviettar med julemotiv for å syne fram, synse og tru, mimre og kanskje byte litt og?
Merk deg datoen - vi kjem med meire informasjon seinare!

fredag 8. november 2013

KAFE 10. NOVEMBER

Sundag 10. november blir det høve til å kjøpe seg kaffe og biteti i Bjørkås frå kl. 12.00 til 15.00.
Utklippsbøkene hennar Oddveig er fortsatt der, så kom og sjå!
Ta med deg far så kan han nyte farsdagen med kaffe og god lesnad!
Velkomen!

mandag 28. oktober 2013

Å NEI SLIK EIN HUGLEG HAUST!

Ja, det må vi seie oss samde i. Mykje sol og varme har vi fått og frosten let vente på seg.
Da kjennes ikkje vinteren så lang. Det er Tore Ørjasæter som har sett pris på hausten i dette diktet:


Å nei slik ein hugleg haust!
Himilen djupblå seg kvelver
og solglansen skir i aust
stillt gjennom ljosblånen skjelver.

Og upp ifrå einsleg dal
over den hauststille sæter
det skin gjennom lufti sval
inn i den evige æther.

Nei aldri so evigblå
breidde seg ljos-kvelven blanke.
No synet mitt upp kan nå,
sælt som min stigande tanke.

Og stilt, når det skuming fell,
bleiknar den dags-djupe blåne,
då kveikjest det stjerne-eld
og sylvglans frå bleike måne.

Når natt over bygd og bol
sløkkjer den ljoskvelven blanke,
som glans av ei evig sol
stiger so stillt i min tanke.




søndag 20. oktober 2013

- i bla'e!


Bråtå havna i bla'e fleire gonger siste veke. 
 På sin plass, tykkjer nå vi, og 
journalisten har heilt rett - det er fint her!

Stutte og tjukke!

Det er konklusjonen på fasongen på årets gulrotavling.
Men kva gjer vel det - dei smakar himmelsk godt!

torsdag 10. oktober 2013

KAFFE OG LESESTOFF!

Ja, det blir det på kafeen i Bjørkås
SUNDAG 13. OKTOBER frå kl. 12.00 til 15.00.

Denne dagen får du høve til å sjå i utklippsbøkene
som Oddveig Plassen har. Ho har samla gjennom
fleirfaldige år, så dette blir artigt!

VELKOMEN!

mandag 30. september 2013

Tverrådalskyrkja

er eit flott fotomotiv, og ein kan ha stor glede 
av å sjå den frå Sotvegen langs Liavatnet.

Og like flott er den, same kva kant du køyrer....
 om det er burt,

- eller heim

-sjå, elvi går mysugrå

- og stupbratt i fossar fell!

Ja, det står det i diktet "Nordpå sætrom" av Tore Ørjasæter.
 Vi sjekka ut elva i går - ikkje mykje mysugrå, og så langt i frå fossefall nå!
Det er mest sand nå om dagen.




torsdag 19. september 2013

RETNING SÅ......?


...tenkjer kanskje denne gamle furua på Bråtå-åsen. Kanskje dei tenkjer slik dei som skal legge regjeringskabalen også? Om dei ikkje får kabalen til å gå opp får dei kanskje spørje denne gamle furua til råds? Ho har vore ute mange vinterneter... 

mandag 16. september 2013

Slutt på friheita

Alt har ein ende - til og med beitesesongen til fjells.
Fredag var det tid for å sanke dyr og samle dei på kvea.
 Vi vandrar med freidig mot....


 Og jammen finn vi dei.
Ikkje lett å få auge på raude kyr i haustfargane!
 Gjensynsgleda er stor og ekte for både folk og fe


Heimveg....

lørdag 7. september 2013

Vi er ganske overtydde

om at førre innlegget gjorde sitt til det strålande været vi har hatt dei siste vekene i august.
Ein lyt rett og slett seie i frå at nok er nok -
og bruke stemma si!

Det håper vi at alle gjer på måndagens stortingsval og, om det ikkje alt er gjort;
 bruk stemma di

Og medan vi venter på valresultatet kan vi nyte godværet og utsikta...


I år er det nytt vallokale som gjeld for bråtingane -
 Dønfoss grendahus er staden der du gjev stemma di.

Bjørkås er over og ut som røystelokale, 
og bileta frå kommune - og fylkestingsvalet i 2011
 er minne om noko som var.



torsdag 15. august 2013

NOK....



Skal vi at det greier seg?
Fyrst kom dette...


Så kom det jammen litt til...

Da kan vi si at det er nok?




søndag 11. august 2013

Kvitt, lilla og oransje

Det kan bli ei salig blanding om ein rører dei i hop,
 kvar for seg er betre.


Store mengder med myrull i år. Kanskje ikkje den mest 
nyttige planta, men dekorativ er den og festleg når den reiser i vinden.


Røsslynga har sikkert hatt gode vilkår i sommar. 
Plutseleg så var det eit hav av lillafarger. Eit bod om at
hausten er i emning, men så vakker!




Molte er det mykje av også. Frosten har halde seg unna
og i myrlendet lyser det i oransje bær. Sikkert mange
som har sikra seg emne til juledesserten og andre godsaker.


fredag 2. august 2013

onsdag 31. juli 2013

Produkttesting!

I fjor testa vi ut sjokoladen frå Geiranger - som verkeleg stod på testen.
 Himmelsk god var den!
I år vart det eit produkt frå ei anna nabokommune - nemleg Lesja!

I butikkhylla stod den der, rund, brun og fin; flaska med 
HAFELLØL
frå det nystarta bryggeriet på Lesja.
Dette måtte berre prøvast - og vi har ikkje anna å si enn:
LØP OG KJØP!

Olsok!

 Tradisjonen tru vart olsok  markert på Mysubytta i år og. 
Mange møtte opp, og det er triveleg å treffe så mange samtidig 
- da får ein oppdatert seg på siste års hendingar over 
ein god kopp bålkaffe og ein smak frå det rikhaldige bitfatet.

I år kom temaet bord og benkar opp - så får vi sjå kva som skjer...
Takk til alle som møter opp og held tradisjonen i live!

Og tradisjonen tru krek den yngste generasjonen i berga medan dei eldre pratar...

Høge bord og låge krakke.....


onsdag 24. juli 2013

Kanskje er det ku




ein skulle vore? 

Å gå fritt ute heile sommaren og svinge på svansen?

Ein smak av sommar!

Jordbæra er mogen!

Ingenting smakar meire av sommar enn jordbær - helst nyplukka rett frå planta.

I Bråtå er plantene frodige og flotte - men vi har
 registrert at rundt om i bygda var frosten i vinter hard 
og mange har "mista" jordbæra si. 
Synd, men godpratar du ved ein Bråting med jordbærplanter, er det ratt stiklingar å få....


torsdag 18. juli 2013

Turlaget på tur!

I slutten av juni stod Reinsgarden på programmet for Skjåk turlag. 
Midt i blinken for den som vil på tur i nærområdet, tenkte vi!

Omlag tjuge andre hadde tenkt same tanken, og vi fekk ei fin kveldsstund i saman.

 Med Raudalsvatnet til høgre for oss,

 Bråtågrenda gjennom restane av hafella,

og  Liavatnet til venstre for oss.

Den sure vinden gjorde at Rundhaug 
fekk ligge i fred og ro for oss 
denne junikvelden - men neste gong.....

lørdag 29. juni 2013

Sommar i fjellet!

 Flotte fargeklattar mellom mose, stein og kjørr!


"Han hører ikke," sa Baktus. "Han vil ikke høre," sa Karius. "Og nå er det for seint," sa Baktus.

 "Nå er han ferdig. Der var det fine huset mitt 
med utsikt og all ting. Nå er det ikke mere hus".

Torbjørn Egner sine figurar Karius og Baktus 
seier akkurat det vi føler i Bråtå nå.

torsdag 20. juni 2013

UFATTELEG TRIST!!

FYRSTKOMANDE LAURDAG (22.JUNI) SKAL HUSET I RAUDALEN BRENNAST NED!
Kun ein ting å si om dette: Ufatteleg trist og meiningslaust. Bråtå grendalag håpa at eigarane skulle ta til fornuft og la huset stå. Men GLB har ikkje råd til det.... Saman med seg på laget har dei NVE, samt Olje- og Energidepartementet. Da blir eit grendalag ikkje teke hensyn til. Vi som gjer ein friviljug og ubetalt innsats for samfunnet blir ein lett motstandar. Eit minnesmerke over dei som la grunnlaget til store verdiar med liv og helse som innsats blir rasert.

MEN VI VEIT AT FRAMTIDA VIL VISE AT VI HADDE RETT!!!

tirsdag 18. juni 2013

St. Hansfeiring på Påleplassen


Sjølvsagt blir det St.Hansfeiring på Påleplassen i år og!

Vi fyrer opp grillen frå kl. 18.00 sundag 23. juni.

Det du vil tilberede må du ta med sjølv,
men vi tek sikte på å koke oss ein felles kaffeskvett!

Alle som vil ta turen er hjarteleg velkomne!