Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

mandag 28. oktober 2013

Å NEI SLIK EIN HUGLEG HAUST!

Ja, det må vi seie oss samde i. Mykje sol og varme har vi fått og frosten let vente på seg.
Da kjennes ikkje vinteren så lang. Det er Tore Ørjasæter som har sett pris på hausten i dette diktet:


Å nei slik ein hugleg haust!
Himilen djupblå seg kvelver
og solglansen skir i aust
stillt gjennom ljosblånen skjelver.

Og upp ifrå einsleg dal
over den hauststille sæter
det skin gjennom lufti sval
inn i den evige æther.

Nei aldri so evigblå
breidde seg ljos-kvelven blanke.
No synet mitt upp kan nå,
sælt som min stigande tanke.

Og stilt, når det skuming fell,
bleiknar den dags-djupe blåne,
då kveikjest det stjerne-eld
og sylvglans frå bleike måne.

Når natt over bygd og bol
sløkkjer den ljoskvelven blanke,
som glans av ei evig sol
stiger so stillt i min tanke.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar