Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

torsdag 22. juli 2010

FLAUM

Det spruta godt under Dyringsbrua!



Brua i Liavassosen står imot presset.





Tverråa kokte.....




lørdag 17. juli 2010

ØRJASÆTER I 2011

Neste år, i 2011 er det 125 år sidan diktaren Tore Ørjasæter vart fødd. Det er da også 100 år sidan "Vestland, vestland" vart tonesett. Tenk om Sissel Kyrkjebø hadde vilja gjesta Bråtågrenda med vakker sang.... Uansett, kultur- og oppvekstvtvalet i Skjåk kommune har sett ned ei nemnd til å stå for denne markeringa. Desse er:
Per Øyvind Ørjasæter (leiar), Heidi Banken Fallingen og Kari Elin Sperstad. Susanne Ramstad Brenna frå kulturkontoret er sekretær.Det har vore 1 møte til nå.
Vi håpar sjølvsagt på at dette skal bli ei fin markering av Ørjasæter og vil freiste å knyte til oss folk både frå aust og vest. Slekta er sjølvsagt sentral. Dersom du som les bloggen vår har tanker om dette eller idear så ta kontakt! Kanskje ei oppleving du har hatt i høve til diktinga eller til diktaren? Da høyrer vi frå deg!

fredag 16. juli 2010

SOMMARKAFÈ

Sundag 25. juli blir det sommarkafè i Bjørkås mellom kl. 12 og 15.
Vi håper på godvær og terasseservering, og byr som vanleg på kaffe, nysteikte vaflar og ratt eitkvart anna godt og...
Velkomne!

onsdag 14. juli 2010

Sikkert sommarteikn




- ja det er det når Otto kjem til gards for å køyre kyrne til fjells!

søndag 11. juli 2010

RAUBERGET 30.JUNI 2010

Den 30.juni hadde Skjåk turlag tur til Rauberget. For å gå trappa nedpå dammen før øvste delen skal rivast og for å høyre på Ola Klepp fortelja om Raudalen. Mange undra seg på kvifor trappa må bort. Bråtingane og bygdafolk elles er nok einige i at trappa bør få stå.



Vi fekk ein historisk gjennomgang av Raudalen. Gamle tufter, gjetarbuer og sætrer heilt fram til Kamperhamrane og Sunndalen. Ola er ein god forteljar, og det var mange som vart store i augo når dei såg at 84-åringen las utan briller..., han sit inne med mykje historie som skulle vore nedskrive!

Ola heldt forsamlinga i eit godt grep når han fortalde frå reinsgjetinga. Um flotte dagar i fjellet, men og om dramatikk med styggever og ein mann gjennom isen på Raudalsvatnet. Timesvis i gjennomblaute klede, men dei hadde ull frå innast til ytst og dei vart ikkje sjuke. Helsbot i ull! (bakerst i bildet skimtast Raudalsbrakka, som dei også vil fjerne........)




Her går det nedover i fint driv!



Kor mange steg har vi gått nå tru? Og kor mange er det att? Og kvifor skal øvste delen rivast?




Raudsildra lyste opp i bergeskortene





Det er langt nedpå vatnet enda!