Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

søndag 11. juli 2010

RAUBERGET 30.JUNI 2010

Den 30.juni hadde Skjåk turlag tur til Rauberget. For å gå trappa nedpå dammen før øvste delen skal rivast og for å høyre på Ola Klepp fortelja om Raudalen. Mange undra seg på kvifor trappa må bort. Bråtingane og bygdafolk elles er nok einige i at trappa bør få stå.



Vi fekk ein historisk gjennomgang av Raudalen. Gamle tufter, gjetarbuer og sætrer heilt fram til Kamperhamrane og Sunndalen. Ola er ein god forteljar, og det var mange som vart store i augo når dei såg at 84-åringen las utan briller..., han sit inne med mykje historie som skulle vore nedskrive!

Ola heldt forsamlinga i eit godt grep når han fortalde frå reinsgjetinga. Um flotte dagar i fjellet, men og om dramatikk med styggever og ein mann gjennom isen på Raudalsvatnet. Timesvis i gjennomblaute klede, men dei hadde ull frå innast til ytst og dei vart ikkje sjuke. Helsbot i ull! (bakerst i bildet skimtast Raudalsbrakka, som dei også vil fjerne........)




Her går det nedover i fint driv!



Kor mange steg har vi gått nå tru? Og kor mange er det att? Og kvifor skal øvste delen rivast?




Raudsildra lyste opp i bergeskortene





Det er langt nedpå vatnet enda!






1 kommentar:

  1. Tenk at trappa vart rivi!! ei trapp er da ein spetaktulær inngang inni ein nasjonalpark!! viss ein eller annan i byen hadde funne ut at han skulle designe noko slikt, ville han ha vorte skrytt opp i skyane og finansieringa vore klar!!!

    SvarSlett