Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

søndag 24. juni 2012

Og midtsomarsfeiring vart det!

Det var 35 personar som kosa seg på Påleplassen. Ei god blanding
av innfødte, utfløtte, tilfløtte. Frå aust og vest, ja frå sy bygden mæ! 
 Været? : vindstille og opphaldsvær! 



Marshmalows MÅ ein ha, både rundt munn og i hår...



Oss tok nya tå kaffekjelen, den skal få rette svartfarga!

Velkomne att neste år!

mandag 18. juni 2012

St.Hansfeiring!

Vi gjer som i fjor, og året før der
- vi møtest til St.Hansfeiring på Påleplassen laurdag 23. juni!

Vi fyrer opp grillen kl. 18.00.

Ta med deg gode vener, grillmat
og godt humør og ver med på midtsommarfeiringa!

I år vert det utlodding og!

Vi har kjøpt inn stor kaffekjele og kjem til å "ta nya" av den. Ta med kopp!

torsdag 7. juni 2012

DUGNADSRAPPORT

 
Såpass hadde Dagmar flytta på uthuset. Heldigvis stod det ein stige
 på baksida, den berga nok huset frå å velte.


Men med litt lirking og manuell kraft.....

...pluss vinsj og traktor kom uthuset på plass att.


Når ein heiter Ola og nærmar seg 86 år er 
 taket på gapahuken ein heilt naturleg plass å vera.

For Dagmar hadde lagt frå seg eit halvt tre som
måtta ryddast ned.


Medan den yngre garde tok seg av rusk og rask
som låg på bakken.
Etterpå var det kaffe, kaker og triveleg prat.
Atter ein triveleg dugnadskveld var unnagjort!
Takk til alle 16 store og små!


onsdag 6. juni 2012

Påmelding

- er ein fin ting, særleg når det er mat i biletet!

Vi håper at dei som vil vera med på terassefest
vil gjera så vel å melde seg til ei av Kari'ane,
slik at det vert enklare å rekne ut kor mykje
grillmat-tilbehør vi skal lage.

SÅ:  bruk eit av desse telefonnumra
anten til å ringje eller sende ein SMS for å varsle at du kjem:

Kari Elin 41 69 39 01 

Kari  91 81 54 24

mandag 4. juni 2012

Juni-aktivitetar i Bråtå!

I morgon, 5. juni er det dugnad på Påleplassen kl. 18.00.
Dagmar flytta både på utedoen og ruska til der, så nå lyt vi rydde opp etter henne slik at det vert triveleg å kome dit i sommar. Grendalaget spanderer kaffe og biteti.

Fredag 15. juni kl. 19.30 satsar vi på at sommaren er komen for å bli og ber inn til TERASSEFEST i Bjørkås. Ta med grillmat og godt humør, tilbehør vert ordna.

Og vi må ikkje gløyme ST.HANSFEIRING på Påleplassen laurdag 23. juni!
Grillen er varm frå kl. 18.00, du tek med det du vil ete sjølv.
VELKOMNE!