Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

mandag 16. januar 2012

Ei kjempes fall

Slik gjekk det med Bjøynnastultreet etter Dagmars ville ferd natt til 2.juledag. Det var Rune Plassen som ante uråd og tok ein skitur for å sjå etter treet. Dette var det han fant, ei kjempestor furu som så og seie var vridd av stubben. Vi kan berre tenke oss kva for krefter som har vore i sving. Mange som har gode minner frå denne plassen. Bærplukkare, turgåare og mange som har strekt armane for å nå rundt treet.


Dagmar vart for sterk, sjøl for ei slik gamal kjempe.


Her anar vi dimensjonane på treet.



Slik såg det ut i sine velmakts dagar!
Treet var eit poplært turmål med god plass til ein kvil under dei vide greinene. Dette er frå 2010 når turlaget hadde tur dit, takk for det! Og takk for at det var Fjellgeitpost der i sommar!
Kanskje det er nokon som har bilder frå kjempas siste sesong?

søndag 15. januar 2012

Gratulerer, Lene Therese Teigen!

Ja, det kan vi trygt si etter ei vellykka premiere på "Under vår himmel" i Marlo grendehus i går kveld. Uttrykket "å flytte inn" fekk ein større dimensjon. Det vi har høyrt mest om er "å flytte heim". Det gav mange tankar til vidare debatt om flytting, til eller frå.

Og rådmannen i Skjåk sa faktisk under servering av kaffe, champagne og kransekake etter forestillinga at han aldri før har vore freista til å ta eit teaterstykke inn i kommuneplanarbeidet...

For dei som ikkje fekk sett forestillinga i Marlo i går, kjem det ny sjanse til å få den med seg i Otta Kulturhus 20. februar. Har du høve - så ta deg ein tur!

Linken som ligg ved er eit innslag frå NRK før premiera.

Og her er omtala etter premieren: STÅANDE OVASJONAR....http://www.gd.no/kultur/article5883231.ece

fredag 13. januar 2012

Over og ut!


Ja, nå er jula slutt. 20. dagen er her,
ribba er oppeten, sylta likeså.
Kakeboksane er tømde?
Nisser og englar har bokstaveleg tala dala i skjul,
og treet er kasta ut.

Og pent i asken sin ligg juletreljosa på geledd
og ventar på nye glansdagar i desember!

onsdag 11. januar 2012

Bugg i Bjørkås!

Som biletet viser, meiner vi ikkje den søte bobletyggegummien frå 80-talet!
Nei, det er dansen Bugg som skal lærast!

Fyrste kveld verka lovande,
og instruktørane Helga og Olav var godt nøgde med elevane sine.

Det er flott å kunne starte eit nytt år med å lære seg noko heilt nytt!
Om ei veke er vi klare for leksjon nr. 2.

søndag 8. januar 2012

Eit spark i baken


- treng ein av og til for å kome seg ut.

Dagens spark innebar godt fylgje,
gneistrande føre , sol på Dyringshøa
og flotte, blå grader på gradstokken.

Da berre lyt ein kle på sparken
"hurpekorg" med termos i og ta i veg.

Målet var Dyringsbrua,
og turen freistar til reprise!


søndag 1. januar 2012

GODT NYTT ÅR!

- og takk for det gamle!

2012 ligg nytt og ubrukt framfor oss,
og det er opp til kvar enkelt kva dei vil fylle det med.

Vi håper alle finn noko både å utfordre seg med
og å gle seg over i det nye året.

Bråtåliv skal det bli!