Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

tirsdag 27. april 2010

HJORTEBEITE


Hjorten lit seg frampå sjølv om det er ljose kveldar. Det er vel noko grønt å finne som fristar.

mandag 26. april 2010

ÅRSMØTE

Sundag 2. mai kl. 20.00 er det årsmøte i Bjørkås.
Felles årsmøte for huset og Bråtå grendalag.
Vel møtt!

torsdag 22. april 2010

TRANENE

Javisst, dei er komne!
Kvelden etter at eg hadde etterlyst dei såg vi dei nedpå isen. Så kom det tekstmelding frå Judith, ho hadde høyrt dei også! Traneskrika er lett kjennelege og i grunn ikkje så vakre. Men da veit vi at dei er komne, nå manglar det berre eit godt bilde. Dei er ganske skye og dermed ikkje lette å fotografere. Kven tek fyrste bildet?

mandag 19. april 2010

LINERLA

Det er nokre dagar sidan linerla kom,-10.april var 1.gongen eg såg ho. Det var før oskeskya frå Island kom, så ho var heldig med flyginga. I helga fekk ho føle på nysnø og stri vind.
Men er det nokon som har observert tranene?

torsdag 15. april 2010

KLAUVKLYPPING

Nå er det berre å gle seg til sommar og godt beite! Klauvane er stelte og eg kan håpe på spretne og kåte kast i solblanke bakkar! Takk for nydeleg pedikyr!
MØØØ!

Med kyndig hjelp går dette fint. Viktig arbeid som berre må gjerast. Det er godt å få stellt føtene både for dyr og folk. Pedikyr heiter det vel når det gjeld folk. Høyres kanskje penare ut enn klauvklypping...



På plass i klauvklypparbåsen,- litt skeptisk,- men det er nå godt å kome ut og sjå sola etter ein lang vinter!








søndag 4. april 2010

BASAR

Basar i Bjørkås tysdag 6.april kl. 19.00. Mange fine gevinster og alle får garantert kaffe, kaker og ein triveleg kveld på loddkjøpet!

PÅSKELAURDAGSTUR

Bråtågrenda sett frå reinsgarden på Dyringshøe.
Ein god, gamaldags påsketur. Fint å gå ljoslina frå Mork. Dette var eit gjevt turmål før,
nå får du gå einsleg. Ein fin tur til alle årstider og utsikt til alle kantar!
Da kan du skue mot Oppnåse....

....og til Raudalen


Rundhaug.
Eit fint turmål både vinter og sommar. Når du kjem deg vestafor her kan du skiftesvis sjå nedi Raudalen på høgre sida og Liavatnet/Sota på venstre sida. Og vidt omkring!




LANGFREDAGSTUR

Slik var det i Syrpbyttdalen langfredag. Sol, sky, vind, stille.




Lia millom Røykjeskålen og Syrpbyttdalen har trolske furuer. Perfekt for ein eventyrtur.

Det kryp og krek....


Røykjeskålen.

På heimturen skal løypa vera blaut, det var den i år også!