Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

fredag 24. desember 2010

GOD JUL!

Slik var det i Bråtå i dag, julekvelden. Sola er på tur nedover Dyringshøe to dagar sidan solvend, solsnu. Smak på ordet; det lovar ljosare dagar. Det er godt å tenke på, for i dag har graderstokken vore framme med både 20 og 30-talet sitt rundt i bygda..
Vi ynskjer alle Bråtingar og Bråtåvener ei God jul!

fredag 3. desember 2010

DESEMBERSTEMNING

Nyt desemberljoset, for nå er det ikkje lenge før sola snur! Ei trøst i det bitande kalde været. Sjå ut i "den blå timen", aldri er himmelen så vakker som på denne tida.

Skauta er kun blåis.

Rimet legg seg på i tjukke lag.


tirsdag 16. november 2010

GLØGG PÅ PÅLEPLASSEN!

23.november - da er det att ein månad og ein dag til JUL....

Vi ber inn til gløgg, godbit og godprat rundt grillen på PÅLEPLASSEN kl. 19.oo.
Ta med lykt og noko å sitje på.
Kr.30,- pr.person, da er du med i trekning av nokre førjulshelsingar.

VELKOMEN!

mandag 1. november 2010

BEVER ?


Ja, for det er vel berre beveren som feller tre på denne måten?

Beveren var observert på Bråtåvatnet tidlegare i sommar og vi har venta i spenning på kva som ville skje. Var han berre på eit lite besøk, eller såg han etter ein plass å bygge hytte? I haust har det vorte fellt ein del tre, så det er lov å håpe på at beveren bygger her. Da får vi ein effektiv rydningsmann i grenda som går laus på vegetasjonen langs elva. Artigt med eit nytt innslag i dyrelivet.

mandag 25. oktober 2010

914

kroner kom det i kassa på kafeen den 24. Det vart eit godt bidrag til åretsTVaksjon. Tusen takk til dykk som kom på kafeen! Det vart ei triveleg stund og det var mange som trefte gamle kjente og fekk friska opp att gode minner.

søndag 24. oktober 2010

BJØYNN!

Bjørn sett i Røykjeskålslia, og det er så absolutt vårt nærområde....
Sjå meir på http://www.fjuken.no/ og http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article5364987.ece

mandag 18. oktober 2010

KAFE !

Sundag den 24. oktober er det kafe i Bjørkås kl. 12.00 - 15.00.
Inntekta går til TV-aksjonen.

VELKOMEN!

torsdag 7. oktober 2010

FLAUM ATT!

BRUA ER BORTE!
Etter fleire dagars regn og mildvær måtte det kome ein flaum. Det vart nokre stopp på tur til arbeid i dag for å sjå på elva. Her er frå søre Brenna. Som dykk ser er brua borte. Det hadde også vore sett ein kveil med svarte plastslanger som for forbi. Den passerte ved skyttarhuset ca.kl.9.... Korleis det kan vera mot Sota og Mysubytta kan ein berre fantasere om.
Elva gjekk vid og brei vidare nedover. Langt innpå land også.

Det bynde å bli fullt! Brukara til Ingebrua på andre sida er borte under vatn. Det var med skrekkblanda fryd eg gjekk ut av bilen for å fotografere.... Elva for i ein rasande fart!


Så kastar den seg nedover mot Åstrafossen! Eg tordest ikkje gå dit....



tirsdag 28. september 2010

HAUSTTUR TIL SOTTJØNN

Tur til Sottjønn 26.september. Vi er over bjørkeskogen komen og ser nedpå Sota. Sekkebreen har fått eit drag med kvitpenselen...
Så vart det snogføre. Røykjeskålen i haustfarger.

Så ser vi Sottjønnbua, med fantastisk utsikt på alle kanter!


Tundradals- og Tverrådalskyrkja bada i sol!



Lodalskåpa stikk opp i det fjerne




Så i retning Tundradalen






fredag 17. september 2010

OLSOKGLIMT

Olsokfeiring på Mysubytta har lange tradisjonar.
Koking av kaffe på svartkjelen og mat på fat. Sang og opplesing. Samling av sætringar og hyttefolk. Brekkberget har vore fast samlingsplass. Dei par siste åra har det vore på litt flatare lende så det er tilgjengeleg om det gnirkar i budei-kne og så dei små ikkje trillar utfor berget. Olsok på Brekkberget er av dei beste barndomsminner til underteikna, slik som kan skrivast med gullskrift! Når eg vart sendt nordover med mjølkebilen for å vera nokre dagar hos tante Embjørg på Brekksætra var gleda stor. Å kjenne lufta, finne seg ei grum geit, få vera med og lokke på beite, springe på svaberga, kaffelag hos dei andre budeiene. Eg fekk beskjed om å ligge til ho kom inn att frå fjoset, eg var vel ikkje til så stor nytte.... Men vi kosa oss godt i lag. Det er sikkert mange som kjenner seg att. Gode minner som er trivelege å plukke fram att!

Veteranar frå budeie-generasjonen stiller trufast opp!
Hyttebuarane er også sikre å treffe



Det er god rekruttering til framtidige olsokfeiringar


Det blir alltid diska opp med god mat -



-og med godt prat!




torsdag 22. juli 2010

FLAUM

Det spruta godt under Dyringsbrua!



Brua i Liavassosen står imot presset.





Tverråa kokte.....




lørdag 17. juli 2010

ØRJASÆTER I 2011

Neste år, i 2011 er det 125 år sidan diktaren Tore Ørjasæter vart fødd. Det er da også 100 år sidan "Vestland, vestland" vart tonesett. Tenk om Sissel Kyrkjebø hadde vilja gjesta Bråtågrenda med vakker sang.... Uansett, kultur- og oppvekstvtvalet i Skjåk kommune har sett ned ei nemnd til å stå for denne markeringa. Desse er:
Per Øyvind Ørjasæter (leiar), Heidi Banken Fallingen og Kari Elin Sperstad. Susanne Ramstad Brenna frå kulturkontoret er sekretær.Det har vore 1 møte til nå.
Vi håpar sjølvsagt på at dette skal bli ei fin markering av Ørjasæter og vil freiste å knyte til oss folk både frå aust og vest. Slekta er sjølvsagt sentral. Dersom du som les bloggen vår har tanker om dette eller idear så ta kontakt! Kanskje ei oppleving du har hatt i høve til diktinga eller til diktaren? Da høyrer vi frå deg!

fredag 16. juli 2010

SOMMARKAFÈ

Sundag 25. juli blir det sommarkafè i Bjørkås mellom kl. 12 og 15.
Vi håper på godvær og terasseservering, og byr som vanleg på kaffe, nysteikte vaflar og ratt eitkvart anna godt og...
Velkomne!

onsdag 14. juli 2010

Sikkert sommarteikn




- ja det er det når Otto kjem til gards for å køyre kyrne til fjells!

søndag 11. juli 2010

RAUBERGET 30.JUNI 2010

Den 30.juni hadde Skjåk turlag tur til Rauberget. For å gå trappa nedpå dammen før øvste delen skal rivast og for å høyre på Ola Klepp fortelja om Raudalen. Mange undra seg på kvifor trappa må bort. Bråtingane og bygdafolk elles er nok einige i at trappa bør få stå.



Vi fekk ein historisk gjennomgang av Raudalen. Gamle tufter, gjetarbuer og sætrer heilt fram til Kamperhamrane og Sunndalen. Ola er ein god forteljar, og det var mange som vart store i augo når dei såg at 84-åringen las utan briller..., han sit inne med mykje historie som skulle vore nedskrive!

Ola heldt forsamlinga i eit godt grep når han fortalde frå reinsgjetinga. Um flotte dagar i fjellet, men og om dramatikk med styggever og ein mann gjennom isen på Raudalsvatnet. Timesvis i gjennomblaute klede, men dei hadde ull frå innast til ytst og dei vart ikkje sjuke. Helsbot i ull! (bakerst i bildet skimtast Raudalsbrakka, som dei også vil fjerne........)




Her går det nedover i fint driv!



Kor mange steg har vi gått nå tru? Og kor mange er det att? Og kvifor skal øvste delen rivast?




Raudsildra lyste opp i bergeskortene





Det er langt nedpå vatnet enda!






tirsdag 29. juni 2010

ST.HANSFEIRING

Samling ved grillen, nå er det um å gjera å ha passande undervarme og passe tålmod. Greitt å vera nokre så praten kan gå.....


Kaffe høyrer med!




Svidd "marsmælåvs" er skikkeleg grillgodis!



Spelemannen er på plass, kanskje han spelar ein lyarslått?









Praten går i den ljose og varme sommarkvelden som vi fekk i år. Godt å få kose seg ute etter ein kald vår og forsommar.






Bestevenner med nesten 80 års aldersforskjel. Glade jenter!








søndag 27. juni 2010

TUR TIL RAUDALSDAMMEN

Onsdag den 30.juni har Skjåk Turlag tur til Raudalsdammen. Frammøte kl.18.00. Det blir høve til å gå trappa nedpå dammen.Ola Klepp er med og orienterer og han har heilt sikkert mykje å fortelja! Benytt sjansen til å gå trappa nå, for rivingsvedtaket står dessverre fortsatt ved lag!

mandag 21. juni 2010

ST.HANSfeiring

Ja. det blir St.hansfeiring på Påleplassen i år også! Sjølv om det er Skjåk kommune som står for markeringa på Maihaugen blir det vel att folk både i Bråtå og bygda elles. Kari vil syte for at grillen er varm frå kl. 19.00. Ta med mat og drikke! Vi reknar med at det kjem ein spelmann frå sy Bismo med tvaurader. Han spelar sikkert både danse- og lyarslåttar. VELKOMEN!

søndag 20. juni 2010

Utedoens ferd....

Brøyte seg rydning.... litt trongt, men det gjekk akkurat!


I lause lufta!



Går inn for landing!













På plass! Vi har kjøpt doen hjå Skjåk ungdomsskule. Det er elevar der som har laga den, men dei rokk ikkje å gjera den ferdig. Men det dei har gjort er skikkeleg gjort.

Nå er det berre å melde seg på fundamentering og paneling.

torsdag 17. juni 2010

Tur til Bjøynnastulen

Onsdagseftan hadde Skjåk turlag tur til Bjøynnastulen i Baksida i Bråtå. Sevald Lund var turledeiar. Ein lugum tur for folk i alle aldrar. I alt 30 personar var med!
Så stort er Bjøynnastultreet! Godt å seta seg ned og ta fram kaffe og niste, ein viktig del av turen.

Den gode samtala er også viktig!





Like viktig som turgleda og det gode humøret!



maiblomen


Den står i blomst sjølv om vi er langt uti Juni.....

onsdag 19. mai 2010

17.MAI-GLIMT

Spreke gutar !


- og flotte jenter i stakk!