Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

tirsdag 31. juli 2012

Frukostutsikt

Med slik utsikt til frukosten kan ein verkeleg nyte livet...

Av og til

 forlet Bråtingane grenda og legg i veg over fjellet 
dit ein kan nyte byliv på rosa hagemøblar midt i shoppingøkta.

 Der har dei og kafè med uvant utsikt for landkrabbar,

og med mat i fleire etasjer - 
"afternoon tea" på Gammelbutikken på Hjelle 
kan vi trygt anbefale til dei som køyrer den vegen!


Det er desse heilt einige i!

INGEN OLSOK UTAN!

 Kaffe kokt på svartkjelen med einerkvist i tuten som sil



og trivelege folk og god prat i sommarkvelden!

Kunne det vera OL eller det at olsok kom på ein 
sundagskveld i år som gjord at vi vart nokre færre i år enn tidlegare?
 Ikkje veit vi, men vi håper alle vil stille på nytt neste år!

fredag 27. juli 2012

DU SØTE JORDBÆRTID...


...med sukker og fløyte på...


...eller syltetøy som er best når det er nyrørt,
men og godt å finne i fryseboksen utpå vinteren.


Grenda er som skapt til bærdyrking, solvendt og 
passande helling til å plukke i.
Men det trengs god rygg, og så må ein ikkje bli
uroleg når det grin nordi Søverdalen.
Det hender at regnet ikkje kjem lenger enn dit.



torsdag 26. juli 2012

Det susar....

ikkje i sivet som i forteljinga, men både frå elva og grovafar om dagen.
 I tillegg susar det i spannet under eit raudt fleecepledd på kjøkenet.
 Godsaker er på gang!

lørdag 21. juli 2012

VÅR MANN I LAS VEGAS

Ja, vi tillet oss å kalle han det, kaptein Ola Stein. Han var intervjua i Fjuken sist veke av Lars Ole. Sidan han er utfløtt Bråting hoppar vi elegant over åndsverkslova og legg ut bilde av bildet....
Vi treng vel ikkje si at vi er umåteleg godt tilfreds av skjortevalget til kapteinen. Sanneleg har han på Bråtåskjorta si. Kanskje den blir med  sjølvaste Utopia rundt på dei 7 hav.Ein god ambassadør for bygda og landet. Snart ryk det frå pipa uppå Kollongssætra!

tirsdag 17. juli 2012

SKAPARVERKET

var tema på sætermessa sundag den 15.juli på Sota. 
Lyu på sygard Sperstad var eit godt  egna lokal,
omgjeve av vakker natur. Skaparverket.


Rundt 50 personar tok plass, regndropar og vind gjorde 
sitt til at det ikkje frista å sita ute.



Vår danske vikarprest fortalde at i Danmark song dei alle versa
i salmene. Dermed vart alle 8 vers i Petter Dass si salme
"Herre Gud ditt dyre navn og ære" sunge. Og 9 vers frå
Brorsons "Opp, alle ting som Gud har gjort".
Etterpå var det kaffe og biteti.

Kyrne sette pris på å få besøk. Dei skjønte vel at 
dei også er ein viktig del av skaparverket.



Truleg verneverdig

 I dei brattaste bakkane med røyser og hellingsgrader utover det forsvarlege 
er det berre handmakt eller forhaustar og Vossakasse som passar når graset skal haustast inn

 Messom ein ryggsekk...

Og siloen er aldri full nok...

Truleg vert silolegging på "gamlemåten" snart verneverdig
 - Simen "Kulturarv" - kjem du med Olavsrosa snart??

Ei svale gjer ingen sommar

.

heiter det jo i ordtaket.



- med med ein heil familie oppunder låvetaket MÅ det da vera håp i år og?

lørdag 14. juli 2012

Sætermesse!


I morgon, sundag 15. juli kl. 12.00 
er det setermesse på setra til Sevald Sperstad på Sota. 
Det er vikarpresten i Lom, Ruth Christensen som skal halde messa, 
og Terje Blakarstugun er organist.

Ta med noko å sitje på!

Etter messa vert det kyrkjekaffe.
Vel møtt alle saman!

onsdag 11. juli 2012

Bygdablogg?

Bråtåliv
- ja, VÅRT Bråtåliv
er føreslege som kandidat til kåringa av
Noregs beste bygdeblogg!
Tenk det!


Det er avisa Nationen som arrangerer kåringa,
og vi krysser sjølvsagt fingrene for at vi blir ein av finalistane.
Håper du blir med og kryssar fingrane og!!

Den som ventar på noko godt...

- ventar som kjent ikkje forgjeves.
Omsider vart det påfyll av salt på steinene, 
og kyr og kviger sette stor pris på akkurat det tiltaket!

 Trongt om plassen, men det vart nok til alle.



"Takk ska du hå! Du kjøm vel att med meire snart?"

lørdag 7. juli 2012

Produkt-testing!

Vi har vel alle testa ut produkt som er nye for oss, og spanande er det!
Vil det svare til forventnigane eller er det berre sarv?


 Eit produkt som vi har tenkt på å teste ut
 i eit par-tre år er sjokolade frå nærområdet - Geirangersjokolade!
Og omsider kom ei elegant pakke
 med myrke, innbydande bitar med G35-fyll i hus.
Det var klart for testing!


Testpanelet var breitt samansett både i alder,
yrke og sjokolade-erfaring.
 Alle var einige om at fyrsteinntrykket 
var svært lovande - dette såg delikat og godt ut!
Testarane greip an sjokoladebitane på ulikt vis, 
nokre tok ein god jafs og uttrykte at det i grunnen 
smaka mest sjokolade og ikkje så mykje raudost som tenkt, 
medan andre beit seg forsiktig fram, 
rulla sjokoladen litt på tunga og smatta henført, 
for dette var verkeleg godsaker, og noko HEILT anna enn Freia 
( sjølv om vi er veldig glade i "eit lite stykke Norge" og!)

.
Med ein god kopp kaffe til (eller utan om du ynskjer det)
 kan vi trygt anbefale Geirangersjokolade om du
 skal ha ein himmelsk munnfull i løpet av sommaren!
Vi har att  å teste dei andre typene dei lagar
 - men dei er sikkert gode dei og!!

søndag 1. juli 2012

Sommarlukt!

Vi registrerte på NRK P1 at sommarlukt var eit tema her om dagen.
 Ei sommarlukt som ein ikkje kjem utanom i Bråtå 
er lukta av solvarm ku som etter ein dag ute på beite skal inn til litt gron og mjølking.