Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

søndag 30. september 2012

Enkel,men dobbel.


Når vassmengda minkar er det fint å spegle seg og bli dobbelt opp.

fredag 28. september 2012

Variasjon over eit tema

Vi har tidlegare dokumentert at saftsesongen er godt i gang, 
men det er ikkje berre saft ein kan lage av bæra ein finn i naturen rundt oss!
Dette glaset med krekling skal etter planen bli likør.
Det er berre om å gjere å ha tålmod!
Om ein ti vekers tid skla det vera klart til prøvesmaking. 
Og da har vi god margin til jul. 
Vi krysser fingre for at det skal bli ein 
perfekt smak attåt kaffe og julekaker når den tid kjem!


torsdag 20. september 2012

Heim!

 September er tida for å få kyrne heim frå fjellbeite.
 Det gjekk bra i år og, sjølv om skogen vert tettare for kvart år. 
Heimover barst det , i lang rekke.

Salt på seterkvea høyrer med, 
så er det å vente på Otto i krytyrbilen for siste etappe heim til Bråtå!

ingen veg utanom!

 Sjølv om sommarblomene held stand i grenda, 
veit vi at det berre er eit spørsmål om tid før hausten er over oss for alvor! 
Vakkert er det, jo,  hausten sprakande i fargar
 i dalbotnen og snøen liggjande som eit melisdryss på toppane!

Pensel og palett

såg det ut til at einkvan hadde leika seg med 
på himilen måndagskvelden.


Ein kan falle  i stavar over mindre!

lørdag 15. september 2012

TURLAGSTUR

Sundag den 9.september hadde Skjåk turlag vandring i Bråtå. 23 personar gjekk frå Næpholet til Kollongen. Ein del av fylgjet gjekk der det enda er spor etter oppgangssaga som stod i Kollongselva. Kanskje vi må søke Norsk kulturarv om å rydde eit kulturminne?
Når turgåarane kom til Påleplassen hadde kaffekjelen fått sitt fyrste oppkok på bålet, rundstykker og boller låg klare på fat. Ingenting som mat og kaffe etter endt tur!


Alle fekk mat  og kaffe.

Og alle fekk plass ved bordet.

Nokre fann seg plass i gapahuken :)

Vi manglar foto frå sjølve turen og tek gjerne imot om det er nokon som har! 

fredag 14. september 2012

Middagsmat

Når haustvinden kvin rundt husnåva, 
det vert færre og færre +grader på graderstokken 
og lauvskogen kler seg i sjatteringar frå
grønt til gult, oransje og raudt - 
ja da er det tid for fårikål til middag!
Den er, som alle veit, 
best tredje dagen,
så det er om å gjere å koke stor nok kjele!

Nam.

mandag 10. september 2012

Mårgåmat!

Betre mårgåmat enn sjølvfiska fjellaure frå Mysubytta finst vel ikkje?
Og to gilde fiskar, det er akkurat nok, det,  til ein stolt fiskar!

Volvotreff!

Det finn ein med jamne mellomrom rundt om i landet har vi forstått. 
Nå og i Bråtå!
100 % frammøte!

tirsdag 4. september 2012

"Det grin nurdi dalain"

er eit fantastisk godt uttrykk.
Og når det gjer det, kan det godt hende det ser slik ut:

Blåbærtur,

det høyrer årstida til. 
Nå kan vi ikkje samanlikne oss med Prøysen, 
for det var slett ikkje "blått i blått så langt de kunne se". 
Ei heller kunne turen minne om Elsa Beskow sin "Putte i blåbærskogen",
 for ikkje vandra vi i skogen inn 
og heller ikkje skulle vi "plukke bær til moren sin, blåbær og tyttebær fine".
Vi var kun ute etter blåbæra, 
og det var til eige bruk dei var tenkt. 
Men bær fann vi - ei passleg full bytte i fyrste omgang,
 truleg vert det ei ny runde når det lir på.



Vi såg dei raude bæra og, men gjekk forbi. Dei får vente til sia!