Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

fredag 19. desember 2014

JULTREFEST 3.JULEDAG

Velkomne til Bjørkås 3.juledag kl. 11.30 !



torsdag 20. november 2014

Vi gjev oss ikkje!

- med å blogge, sjølv om BOOC har avslutta si karriere!

Neida, Bråtålivet går vidare, og ymse aktivitetar 
fyller dagane nå i november.
Det er ikkje noko snø å måke, så da får vi finne 
på noko anna å styrke armmusklane våre på.
Den som ikkje hoggar ved, kan kanskje kjevle seg ein leiv eller to 
og be grannen over på kaffe etter at den er steikt?

Vi gratulerer!

Laurdag 15. november var grendahuset i Marlo
 fylt til siste stol - årets kulturkveld var komen.
 Og ingen kulturkveld utan utdeling av Skjåkpris og kulturstipend!

Vi er veldig glade for å kunne gratulere Svein Gudbrand Lund  frå Marlosøygarden i Bråtå 
med vel fortent Skjåk-pris for si gründerverksemd i Glasitt, 
og Guro Grimstad med eit like fortent kulturstipend!
HURRA!

mandag 27. oktober 2014

Dett var dett!

 I går kveld sette vi strek i Bjørkås. 

Strek etter 20 år med mykje moro for store og små vel vi å tru.
Vi har operert både ute og inne, sommar og vinter, 
og tenkt som så at: Ja, det går sikkert bra!

Og det har det gjort. Stort sett.
Takk til alle som har delteke på det vi har stelt i stand desse åra, og takk for oss!





Vi får avslutte med Prøysen: 
takk for at vi var her, takk for at vi kom, 
takk for at vi går igjen,
HIPPSKVIRREVIPPBOMBOM!

med vyrdnad: BOOC

mandag 8. september 2014

Luksus i nærleiken!

Kom deg ut- dagen og kom heim-dagen!

I går var det den eine av to årlege kom-deg-ut-dagar. 
vi håper riktig mange fann vegen ut!


Hausten er for alvor komen i fjellet, 
og for desse vart det faktisk "kom-deg-heim-dag"!
Dei var ikkje vanskelege å få med seg over brua 
og inn på kvea der dei skal gå til Otto kjem for å køyre dei 
heilt heim - til Bråtålivet!

tirsdag 19. august 2014

Summa sumarum - sommaren 2014

Vi dovna aldeles av denne sommaren. 
Den var på ein måte slik som somrane var før - med sol og varme kvar dag.
I går dura det velkjent gjennom grenda på morgonen
 - skulebussen var i rute  - 
og ferien er definitivt over!
Og da er det vel på plass 
med ei oppsummering av korleis 
sommarens Bråtåliv eigentleg var?

Her kjem det nokre glytt:

 -vi har observert travle dagar i fuglekassa

 - nytt synet av sommarblomer

 - berga for til vinteren

 - ete vassmelon

- hatt nakne tær det meste av tida

 - hatt tenåringer på tak

-slept kyr på beite

 -etter ei rikeleg dose "dunder og brak" vart det nye trafokioskar i Bråtå,
ikkje berre ein - men tre!

- vi har kvilt augene på dette medan vi åt sitronterte

 -oppsøkt andre landskap

 
- teke i mot velmeinande åtvaringar - og det gjekk bra

-og vi har kokt kaffe på bål, tradisjonen tru.

Og så var det alt det andre vi gjorde, sjølvsagt, 
som vi ikkje har dokumentert, men som vi kjem til å hugse 
nettopp fordi det var akkurat denne sommaren, 
den, varme, lange....

søndag 22. juni 2014

JONSOKFEIRING PÅ PÅLEPLASSEN 23.JUNI


Vi tek sikte på å tenne grillen ca.kl. 18.00.
Ta med mat og kaffe.

Velkomne!

mandag 16. juni 2014

GULLBÅSTLIV


Gule, grumme og gjeve å plukke....



Gråe, gamle og gløymde....
men dei kjem att....

mandag 2. juni 2014

Kalvedans

 Kalvane fekk sommarferie i går
 - og det var visst både rart og godt på same tid. 
Rart med blank sol, vind og framande luktar og lyder,
 godt å kunne hoppe, sprette og ta ein kalvedans!


Himmelfart og sæterfart!

 På sjølvaste Kristi Himmelfart var det og "sæterfart" 
- og eit hjarteleg gjensyn med Mysubytta

 Siste fonna i vegen, og den var lett å passere

Men jammen var det att mykje kvitt i baksida enda!

torsdag 22. mai 2014

Rock'n roll!





Det vart sus i både stakkar og serker 
i Bjørkås 17. mai når rockeringane kom fram!

fredag 16. mai 2014

17. mai er vi så glad i - og den feirer vi i Bjørkås!

Ja, sjølvsagt blir det feiring i Bjørkås i år og - slik det plar vera.

Det er ope hus frå kl. 19.00, 
og når kvar heim tek med eit matfat blir det både rikeleg og variert servering.

Lademjølk og kaffe byr huset på, og så blir det loddsal.

Med andre ord: Akkurat slik det brukar vera.

STORE OG SMÅ ER HJARTELEG VELKOMNE!

tirsdag 13. mai 2014

Det brummar

 etter Bråtåvegen om dagen - russen gjev lyd frå seg, 
det er det ingen tvil om.

 Og grendalaget er med - om ikkje inni bilen så iallefall utanpå!


Alternativ sundagstur !

For dei som har rensa og sett skia bort på lager til neste sesong 
er det heldigvis alternative ruter å velje når ein skal på sundagstur!


 God "løype" og lovnad om blå himmel - alt ligg til rette for ein fin dag!


 Vi kom oss gjennom Stabrekka utan problem.


 Eit par-tre årstider i sikte samstundes gjer alltid inntrykk, 
uansett kor mange gonger vi ser det!


Dagens turmål er nådd.....

torsdag 8. mai 2014

RAKARDUGNAD 10. MAI


Det blir rakardugnad i Bjørkås laurdag 10.mai frå kl. 11.00.
Ta med rive.
Kaffe og biteti blir servert.


søndag 4. mai 2014

SUNDAGSTUR TIL LUSTER

og den gjekk ikkje om Sognefjellsvegen, men om Tverrådalen.
Godt med kaffepause fremst i Tverrådalen etter å ha gått på steinhardt føre opp Sotlia.


Fint føre innover dalen i dag, godt som vindstille.


Vi skal opp til venstre,  gjer deg klar til litt motbakke.


Da er vi komne til Tverrådalskyrkja sin "bakgard".
Å gå rundt kyrkja har vore den klassiske påskeskituren for mange.


Så ligg Kollebreen framfor oss. Med prima skiføre.


Snart øvst på breen og Rivenoskulen dukkar opp i all sin velde.
For å kome dit må ein ned på Isvatnet og opp ryggen. 


Men i dag tok vi sikte på denne vesle toppen i staden,
 og nå er vi komne til Luster!

Utsikt nedover Rausdalen.


Turleiaren gjev klarsignal til heimtur :-)


Og vi sette jammen spor etter oss!
Prima å renne ned Kollebreen!


Siste etappe: Ned lia til Sota att!
Det er som regel ein prøvelse, så her avslutta eg
fotograferinga. Hardt føre i øvste delen, men i skogen 
var det fin, blaut snø. Eller "schløsch" som døm si...
Uansett, vi kom velberga ned denne gongen og!
o