Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

søndag 18. oktober 2015

Sommaren er over - utan tvil!

 Det kunne denne blomen skrive under på 
etter ei natt med minusgrader og manglande "dyne" frå gartnaren si si side

- Men Liavatnet og omegn kler den nye årstida og!

onsdag 5. august 2015

Det er den smaken

 - av salt frå kvit bytte stødig tømt 
utover ein flat stein på langberget i Syrtbyttdalen

 - den smaken!


torsdag 30. juli 2015

Bind deg ein blomekrans!

Markblomane er framleis flotte der dei står, 
desse overraska oss med å kome på døra 
i form av krans, vi takkar og bukkar for triveleg helsing!



Olsokfeiring

Sjølvsagt vart det olsokfeiring i år og! 

 Med god, sterk kaffe kokt på "Mysubytta-mix"

 Eit rikhaldig bitfat

 Opphaldsvær, god temperatur og fin utsikt

 Allsong
 Og drikkevise framført av "trio Teigen"

Heile gjengen - takk for ein triveleg kveld, vi sjåast neste år, om ikkje før!

Sommarværet

Om vi skal samanlikne med fjorsommaren
 har vel ikkje været så langt i sommar vore noko særleg....

Iallefall ikkje for dei som trivst best i stuttbrok!

Yr , Storm, Pent , og ymse profetar har spådd 
som best dei har kunna, men nå går vi for vår heilt eiga værvarsling.:


Enkelt og lettfatteleg.

fredag 19. juni 2015

JONSOKFEIRING PÅ PÅLEPLASSEN 23.JUNI



Grillen blir tent ca. 18. - 18.30
Ta med mat og drikke.



Velkomen!

mandag 1. juni 2015

Markje grønast - vel om ei stund!

Det var ikkje mykje som vitna om 
grøne lier og "forkunnmat  er å få for ku og for sau og folen" 
som Tore Ørjasæter skriv på Mysubytta siste maikvelden i 2015.
Men det brukar nå å bli - kvart einaste år, så vi lyt  berre smørje oss med litt tålmod!

Vegen er ikkje open for biltrafikk enda, men det er fint å gå innover!

fredag 24. april 2015

RAKARDUGNAD OG ÅRSMØTE

Sundag 26. april kl. 13.oo er det rakardugnad og årsmøte for både Bjørkås og Grendalaget.
Om været blir lugumt tek vi ei runde med riva før årsmøtet.


søndag 25. januar 2015

Bråtå i rosa


Stort penare blir det vel faktisk ikkje,
ein sundagsmorgon i  slutten av januar 2015,
 med -10 på graderstokken.

God sundag!