Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

fredag 29. juli 2011

Olsok


I dag heng alle flagg i Noreg på halv stong
til minne om tragedia som skjedde for ei veke sidan.

Bråtålivet går sin gang, men alle kjenner vel
på sorg og sakn og kor lite vi veit om framtida.

Vi tenner eit ljos og tenkjer på alle
dei som har det vondt og vanskeleg no og vil ha det lenge framover.

lørdag 16. juli 2011

"En prektig vognvej"




Ja, det skreiv Rønnaug Slette til dottera si i Bardu i 1876 da vegen gjennom grenda kom.
Det er kanskje ikkje same terminologien som vi nyttar no til dags,
men vi har da i løpet av dei siste dagane fått nytt veigdekke!

Tålmodet har vore tøygt under venting på ledebil
og store støvskyer - men nå er arbeidet gjort,
og vegen vart mykje betre å ferdast på.

torsdag 14. juli 2011

"- finn eit stå og træ dom på"

Nå er dei her, markjordbæra - plukk og nyt!

Og i Bråtå kan du, som oppi Prøysens Lauvåsen ,
i tillegg til raue jordbær og finne
gærne jinter, gode minner og lange gutter!

Den som leiter vil finne!

mandag 11. juli 2011

MYTINGEN OG NETOSÆTRE

Ligg ikkje i Bråtå det, tenkjer du.
Nei da, det er i Bøverdalen.
Men Bøverdøler og Bråtinger er kanskje litt nærskylde
og har ein del felles både når det gjeld natur og utfordringer.
4.juli hadde Skjåk turlag tur til Mytingen. Det er fin bilveg
dit, for mjølkebilen hentar mjølk frå dei som sætrar der.
Vi gjekk opp på ein god halvtime. Vil du ha ein liten ferietur
så er Bøverdalen å anbefale! Mange idyller der.

Gjekk mykje pen sau der, skimtar Loftet i bakgrunn.

Mot Hestbrepiggane. Høgset.

På tur nedover sæterstulen etter ei lang
kaffepause med mykje godt prat attåt

Guttorm Horten var med som kjentmann.
Like engasjert som alltid fortalde han om både
gamalt og nytt frå Mytingen. Mangt har hendt
der som menneskje ikkje alltid har forklaring på.
Som avslutning las han diktet "Kvite fjell av" Otto Runningen.

Nokre kveldar seinare gjorde Kari Elin seg eit ærend uppå Netosætre.
Sjå på bildet og drøym deg bort til ein mjuk, varm julikveld på ein sæterstul...

Budeia var snøgg til å finne kaffekjelen og burti grove etter reint vatn.
Gjennom glaset kom det ein eim av nysteikte pannekaker...
med sukker....syltetøy...rumme...mmm...

tirsdag 5. juli 2011

Kaffemat


Oppskrifter er til for å prøvast, og da Morten bakar i Lom
la ut oppskrifta på dei
knakande gode kanelsnurrane sine i GD,
var det berre til å handle inn mjøl, smør, gjær og kanel...

Her skulle bakast!


Omtrent to timer ut i prosessen
( ja, vi fylgjer oppskrifta nøye) ,
er kanelsnurremna klare for steikeomnen.



Og etter nokre minuttar i ovnen var det klart:
vi hadde lukkast!

Nå er det berre å koke kaffe og vente på fræmond.

Kjem du?

ENDELEG


- vart det vær til å vifte med nakne tær!!!

søndag 3. juli 2011

Til sæters!

Otto kom i år som i fjor,
og kviger vart frakta trygt til sæters.



Vil du vera med og?