Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

mandag 11. juli 2011

MYTINGEN OG NETOSÆTRE

Ligg ikkje i Bråtå det, tenkjer du.
Nei da, det er i Bøverdalen.
Men Bøverdøler og Bråtinger er kanskje litt nærskylde
og har ein del felles både når det gjeld natur og utfordringer.
4.juli hadde Skjåk turlag tur til Mytingen. Det er fin bilveg
dit, for mjølkebilen hentar mjølk frå dei som sætrar der.
Vi gjekk opp på ein god halvtime. Vil du ha ein liten ferietur
så er Bøverdalen å anbefale! Mange idyller der.

Gjekk mykje pen sau der, skimtar Loftet i bakgrunn.

Mot Hestbrepiggane. Høgset.

På tur nedover sæterstulen etter ei lang
kaffepause med mykje godt prat attåt

Guttorm Horten var med som kjentmann.
Like engasjert som alltid fortalde han om både
gamalt og nytt frå Mytingen. Mangt har hendt
der som menneskje ikkje alltid har forklaring på.
Som avslutning las han diktet "Kvite fjell av" Otto Runningen.

Nokre kveldar seinare gjorde Kari Elin seg eit ærend uppå Netosætre.
Sjå på bildet og drøym deg bort til ein mjuk, varm julikveld på ein sæterstul...

Budeia var snøgg til å finne kaffekjelen og burti grove etter reint vatn.
Gjennom glaset kom det ein eim av nysteikte pannekaker...
med sukker....syltetøy...rumme...mmm...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar