Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

søndag 30. desember 2012

God fest!

Komiteen for årets juletrefest i Bjørkås hadde gjort ein god jobb 
- alt var som det plar vera, og stemninga var god. 
Tusen takk skal de ha!



- og æille biler skulle berre stå.....




Trafikkbiletet i Bråtå har vore som klypt
 ut av Prøysen sin "Romjulsdrøm" i år.
Veldig roleg, omtrent som i sangen der
 "æille biler skulle berre stå".
 Så står det att å sjå om det dukkar opp julebukkar, da....

tirsdag 25. desember 2012

GOD JUL!

Bråtåliv ynskjer alle glade og gode juledagar - det er mange av dei i år!
Hugs å fortelje dei du har rundt deg at du er glad i dei -

JULETREFEST!

Tradisjonen tru vert juletrefest i Bjørkås 3. juledag.
Den startar kl. 11.30.
ein frå kvar heim tek med mat - akkurat slik vi plar gjera det!

tirsdag 18. desember 2012

Det er nye tider....

 - og peparkaker er ikkje lenger mann, kone, gris og juletre.
Nei, i år vart det for det meste traktor, ku og fly!
Fasongen er eigentleg heilt uvesentleg,
 berre smaken er god og pynten er rikeleg. Og det er den !



Og sjølvsagt skal det vera rikeleg med kaker!

onsdag 12. desember 2012

I press!

- ligg julesylta!
Snart er det tid for ein årande liten smaksprøve....

Storrumbrød


 Når ein kan kombinere tradisjon og bakst, vert det enda betre -
 da vert det storrumbrød! 
Denne dagen av den harde typa.



 
 God potetstapp er det fyrste ein lyt ha.

 Når ein får blanda den godt med både feitt og mjøl, 
kan det kjevlast

 Så er det tid for ei runde på takka

Og om ei stund får ein stabber med brød.
Nam!

lørdag 8. desember 2012

julestri?

Kreklinglikør er på flaske komen, 
adventljosa er framfunne,
julebaksten er i gang, 
stjerna heng i glaset , 
julekorta får skrift inni seg
 og lilla pynt er på bordet.
 Ingen tvil om at vi er sving!

Med minusgrader nedpå tjugetalet til dagen 
er det dessutan heilt greitt å halde på med innesysler.

I morgon tenner vi det andre ljoset og er enda nærare høgtida.
Og blodtrykket held seg på eit normalt nivå....

lørdag 1. desember 2012

Vi er i gang!

Kalenderen har funne sin faste plass og er full av hemmlegheiter. 
Nå er desember her, med alle forventningar og førebuingar som høyrer med.
 Dei vaksne tykkjer som regel at akkurat desse dagane flyg av stad, 
medan den yngre garde ikkje kan få tida til å gå fort nok
 fram mot høgtida som ventar oss om nokre veker.

Uansett hastigheit på tid:
 hugs å leve litt ekstra kvar dag og ta vare på dei du har rundt deg!

onsdag 28. november 2012

Vi slår eit slag for:

JULEKORTA!

og det slaget slår vi i Bjørkås sundag 2. desember frå kl. 18.00.

Har du eit julekort du er særdeles glad i ?
Har du eit kort som du aldri har sett "pare ve' "?
Har du ei stor samling med kort som du berre IKKJE kan kvitte deg med?

Ta med kort  - og godt humør til ein triveleg julekortkveld!

Vi byr på kaffe og fersk julebakst!


mandag 19. november 2012

Kjend kar!

Ja, det er han jammen, denne Marius'en som vi så gjerne 
produserer i massevis om dagen. 
Og moro er det, berre prøv!!

tirsdag 30. oktober 2012

Vintervakkert

 Vinteren kom ikkje forsiktig og banka på denne hausten, 
neida, med dunder og brak gjorde den sitt inntog førre veka.
 Og alt ute fekk seg eiereal vinterdyne på.

 Men at det blir vakkert er det ingen tvil om!

 Vintereventyr. 
Skulle tru vi var eit par månader fram i tid
 - men arnakka seier faktisk oktober.

 Det var beint fram ikkje anna å gjere enn å
 ta fram sparken for å nytte det gneistrande føret.

 Rikeleg med kalde, blå grader fekk vi på kjøpet, 
og det rauk godt av pipene.

Det er som å bu i eit postkort!

mandag 22. oktober 2012

599,3 kilo

kom til gards i dag. 
Og av desse kiloa skal det etterkvart blir klesskap....


645

vart kronebeløpet som grendakafeen bidreg med i årets TV-aksjon.
Takk til dykk som deltok med kroner og godt prat!


tirsdag 16. oktober 2012

TID FOR KAFE ATT!

Sundag 21. oktober har vi grendakafe i Bjørkås.
Den er open frå kl. 12.00 til kl. 15.00.
Ta ein tur og treff kjente og ukjente over ein 
kaffekopp og ferske vafler. 
Da blir hausten ljosare!

Som tidlegare år gjev vi inntekta til TV-aksjonen.



fredag 12. oktober 2012

MENY?

I går vart unge herr Banken annonsert som middagsgjest i dag. 
Husmora sitt store spørsmål vart da: Kva skal vi servere da, tru?

Svaret frå den yngre garde kom raskt : BANKETT! 

Gråbein i grenda!

Ja, i går vart gråbein observert i Systu'n Storbråtå!
Ikkje særleg triveleg  framandkar å få på besøk.
Så vidt vi veit gjorde han ingen skade,
og vi krysser fingre for at han ikkje kjem att!

søndag 7. oktober 2012

1972

byrjar å bli lenge sidan, faktisk heile 40 år!
og i gamle vekeblad kan ein drøyme seg attende til ei anna tid


 sjølv om det går tydeleg fram at det er dameblad ( som no)

med mønster på snertne plagg ( som no)

ispedd sladder frå alle verdas kanter ( som no)

men reklame for sigaretter - det er det heldigvis slutt på! 
Sjølv om dei her påstår at det skal vera rein nytelse....

søndag 30. september 2012

Enkel,men dobbel.


Når vassmengda minkar er det fint å spegle seg og bli dobbelt opp.

fredag 28. september 2012

Variasjon over eit tema

Vi har tidlegare dokumentert at saftsesongen er godt i gang, 
men det er ikkje berre saft ein kan lage av bæra ein finn i naturen rundt oss!
Dette glaset med krekling skal etter planen bli likør.
Det er berre om å gjere å ha tålmod!
Om ein ti vekers tid skla det vera klart til prøvesmaking. 
Og da har vi god margin til jul. 
Vi krysser fingre for at det skal bli ein 
perfekt smak attåt kaffe og julekaker når den tid kjem!


torsdag 20. september 2012

Heim!

 September er tida for å få kyrne heim frå fjellbeite.
 Det gjekk bra i år og, sjølv om skogen vert tettare for kvart år. 
Heimover barst det , i lang rekke.

Salt på seterkvea høyrer med, 
så er det å vente på Otto i krytyrbilen for siste etappe heim til Bråtå!

ingen veg utanom!

 Sjølv om sommarblomene held stand i grenda, 
veit vi at det berre er eit spørsmål om tid før hausten er over oss for alvor! 
Vakkert er det, jo,  hausten sprakande i fargar
 i dalbotnen og snøen liggjande som eit melisdryss på toppane!

Pensel og palett

såg det ut til at einkvan hadde leika seg med 
på himilen måndagskvelden.


Ein kan falle  i stavar over mindre!

lørdag 15. september 2012

TURLAGSTUR

Sundag den 9.september hadde Skjåk turlag vandring i Bråtå. 23 personar gjekk frå Næpholet til Kollongen. Ein del av fylgjet gjekk der det enda er spor etter oppgangssaga som stod i Kollongselva. Kanskje vi må søke Norsk kulturarv om å rydde eit kulturminne?
Når turgåarane kom til Påleplassen hadde kaffekjelen fått sitt fyrste oppkok på bålet, rundstykker og boller låg klare på fat. Ingenting som mat og kaffe etter endt tur!


Alle fekk mat  og kaffe.

Og alle fekk plass ved bordet.

Nokre fann seg plass i gapahuken :)

Vi manglar foto frå sjølve turen og tek gjerne imot om det er nokon som har! 

fredag 14. september 2012

Middagsmat

Når haustvinden kvin rundt husnåva, 
det vert færre og færre +grader på graderstokken 
og lauvskogen kler seg i sjatteringar frå
grønt til gult, oransje og raudt - 
ja da er det tid for fårikål til middag!
Den er, som alle veit, 
best tredje dagen,
så det er om å gjere å koke stor nok kjele!

Nam.

mandag 10. september 2012

Mårgåmat!

Betre mårgåmat enn sjølvfiska fjellaure frå Mysubytta finst vel ikkje?
Og to gilde fiskar, det er akkurat nok, det,  til ein stolt fiskar!

Volvotreff!

Det finn ein med jamne mellomrom rundt om i landet har vi forstått. 
Nå og i Bråtå!
100 % frammøte!

tirsdag 4. september 2012

"Det grin nurdi dalain"

er eit fantastisk godt uttrykk.
Og når det gjer det, kan det godt hende det ser slik ut:

Blåbærtur,

det høyrer årstida til. 
Nå kan vi ikkje samanlikne oss med Prøysen, 
for det var slett ikkje "blått i blått så langt de kunne se". 
Ei heller kunne turen minne om Elsa Beskow sin "Putte i blåbærskogen",
 for ikkje vandra vi i skogen inn 
og heller ikkje skulle vi "plukke bær til moren sin, blåbær og tyttebær fine".
Vi var kun ute etter blåbæra, 
og det var til eige bruk dei var tenkt. 
Men bær fann vi - ei passleg full bytte i fyrste omgang,
 truleg vert det ei ny runde når det lir på.



Vi såg dei raude bæra og, men gjekk forbi. Dei får vente til sia!