Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

torsdag 27. oktober 2011

Motto for Bråtålivet


" Ein skal ikkje lyfte seg over kvardagen, men lyfte kvardagen om ein kan"
skreiv Tore Ørjasæter.
Eit motto som alle kan dra nytte av!
I dag lyfter vi kvardagen med :
dessert.

Av og til berre kjem det over oss - vi vil ha dessert!
Og akkurat i dag vart det trollkrem;
piska lenge og vel til den er blank og stiv,
eit lett slør med vaniljesaus, og så er det berre å nyte.
Eit ekte kvardagslyft!

søndag 9. oktober 2011

Vi veit det så vel



- at snøen kjem, før eller seinare.

Nokre ynskjer den velkomen før,
men mange ynskjer ikkje å sjå den før seinare.
Nå er den her!

Om den blir liggjande for godt er vel heller tvilsamt,
men jammen fekk vi ein solid forsmak
på vinter denne siste sundagen i haustferien.

Køyr forsiktig, om det er på to eller fire hjul!