Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

søndag 30. mars 2014

Sommartid!

På årets aller fyrste dag med sommartid tok vi turen nordover
 Vi fann heldigvis rette vegen ganske fort...
Ingen sak  å ta seg fram i gode løyper!
Utsikt ved turmålet.

Jammen er vi heldige som bur slik til at vi ikkje treng 
vente på påskeferie for å nyte fjellet på slike dagar som vi har hatt nå!
 
Luksus!!

Verandakaffe

Alt du treng er ein sliten lenestol og 
ei varm verandasol syng dei så pent om.

Ja, vi skal nok vera einige, men den varme verandasola 
kom litt brått på denn gongen.

Så da tek vi det vi har :

Spark og krakk - og kaffen smaka utmerka!

fredag 28. mars 2014

Heilt greitt....

                                                                   ..å få sola i augo!

                                            Vi gler oss over fint vær og ein komande vår.


onsdag 19. mars 2014

Russen er klar!

Vi har sett plakater om revy og glimtvis ana nokre raude klede i forbifarten.
Russen er snart klar til å møte våren...

Våronn?

På radioen har vi seinaste dagane høyrt om rekordtidleg våronn på Hedmarken,
 og oppfordring frå gartnarar om å kose oss i hagen 
med beskjæring av frukt-tre og buskar.

Jauda, det var da ein smak av vår her eit par veker, m
en enn så lenge får frøposane stå i glaskarmen på vent.

Det blir nok ei rå!