Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

søndag 27. februar 2011

VM I BILDER

Vi slapp å streve med fulle t-baner og anna kaos -
alle tok seg fram for eigen maskin!

Kem tek denna?
Knallhard innsats!

Blir det Northug eller Hellner? Eller ein russer? Måtte få med oss spurten, den gav inspirasjon!


Denna gjekk ut, ikkje like lett å sjå når kantmarkeringa etterkvart vart nedtrakka



Ein skikkeleg SMÆSHHH....





VERDENSMESTERE PÅ PÅLEPLASSEN

Her er årets verdensmestere i snøvolleyball på Påleplassen. I Holmenkollen blir det utdelt medaljer som ser ut som vaffler men som smaker metall. Vinnarane våre fekk gavekort på ekte vaffler neste gong dei er på kafe i Bjørkås! Takk for flott innsats!

tirsdag 22. februar 2011

HELSING FRÅ MYSUBYTTA

Sundag 20.februar var ein vakker dag på Mysubytta.










lørdag 19. februar 2011

SOL!

Vart strålande sol på Sota i dag! Overskya og snø fyrst på dagen. Ser lovande ut for morgondagen. Fin skiløype til Mysubytta, nyt skiføret nå!

fredag 18. februar 2011

SKIDAG I BRÅTÅ!

SUNDAG 27. FEBRUAR,
start kl. 12.00
Vi går frå bru til bru:
Marlosøygardsbrua til Pålebrua.
På Påleplassen blir det bål og høve til å grille.
Ta med mat og drikke, sal av boller og varm saft.
VM I SNØVOLLEYBALL PÅ PÅLEPLASSEN!
Store og små hjarteleg velkomne!

søndag 6. februar 2011

UT PÅ SKI !

Tre generasjoner på tur inn i vintereventyret. Heia! Flott vær og føre på "Kom deg ut dagen". Har du vore ute i dag?
Portstolpane på geitsætra hadde fått nye vinterhatter.

Husa på Sota var pynta med heilt ny snø.