Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

mandag 28. november 2011

Endeleg

- er det kafè i Bjørkås att!
Sundag 4. desember ,
2.sundagen i advent kan du kjøpe deg ein god kaffekopp
med nysteikte vaflar eller inkort anna godt til,
treffe kjente og kose deg i førjulstida.

Vi vil og, i år som i fjor og året før der,
selje litt julebite og nytt av året - julegodter.
Heimelaga, sjølvsagt.

Små og store er hjarteleg velkomne!

søndag 27. november 2011

advent


Så tenner vi ett lys i kveld,
vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv
og oss som er til stede.
Så tenner vi ett lys i kveld,
vi tenner det for glede.

Fyrste sundag i advent ber alltid med seg ei slags forventning.
Ljos vert tende, og førebuingane til julehøgtida set for alvor igang.

Vi ynskjer alle ei flott adventstid,
og hugs at det ein ikkje får gjort før jul,
kan ein alltids få gjort på nyåret!

-tiddelibom!



Ja, jammen snør det i Bråtå i dag,
og han som ynskte seg ein halvmeter med snø
her om dagen er nok gruleleg tilfreds nå.



Ungane storkosar seg i mykje laussnø,
medan andre nok helst hadde sett at den kom ferdigbrøytt...

Uansett så endrar landskapet seg
når den kvite vinterdyna kjem, og vakkert er det!

lørdag 12. november 2011

Festen er over....

Ja, for vi fekk ein flott festkveld i Marlo Grendahus i gårkveld!

Arrangørdamene var grueleg spente,
og sommarfuglane flaksa godt heile dagen.
Men etterkvart som utøvarane kom, gjorde unna lydprøver
og samla seg i peisstugu roa vi oss ned
- med så mange flinke folk på scena måtte det bli bra!

Spaningsmomentet vart om det ville kome folk for å høyre på...
Og det gjorde det!
Kvar kom dei frå, alle saman, tru?
Grendahuset vart iallefall fullt og vel så det.

Tusen takk til alle som sette av kvelden for å vera ilag med oss!



I peisstugu fekk aktørane vera i fred før det heile braka laus.
Her Vox Morsem og Annbjørg Aabooen.


Skjåk spel- og dansarlag under prøva. Stilige!



Geir Byre har mange vener
- her er nokre av dei igang med vals i moll.



Vi vil gje ei rose til alle som var med og gjorde kvelden til ein fest:

-til Nordberg tvauraderlag for at dei spelte leiker etter Lars Kveen

-til storsjarmørane frå kulturskulen som song om været

-til Annbjørg Finnekåsa Aaboen som las "Ord over grind"

-til Vox Morsem for vakker song - "Eg ser deg i auga"

-til Lom & Skjåk brass for god korpsmusikk

-til Skjåk spel- og dansarlag for vals og springleik - de er så flotte!

-til Maria Eftevåg Melby for nydeleg song, du er "den finaste vi veit"!

-til Geir Byre med sine vener for visesong og vals

-til "Tattoo'd Ladies" for skikkeleg rock'n roll - meire, meire, meire!

-til Gudmund Teigen for turen "Nordpå sætrom"
og den høgst aktuelle preika etter gammal-Pær

-til Guro Grimstad - Skjåk si eiga "Sissel-stemme",
med både vestlands- og høgfjellssang

-til Torill Wassæther, Astrid Skjåk og Magnhild Teigum
for ypparleg hafeillprat - de er parlause!

-til publikum for allsang av grendahusvalsen

-til ordføraren som heldigvis ville dele ut pris

-til Anders Bakken og Johannes Enersvold
for utruleg godt lydarbeid - detta fiksa de superbra!

-til Håvard og Sindre for scenearbeid,
slike gutter, det vil gamle Norge ha!

-til Gerd Flatmo som baka og kokte
- du gjorde ein uvurderleg jobb!

-til vaktmester Ola som snikra scene til programleiinga

-til Susanne frå kulturetaten som stod på meire enn dei fleste...

-og til alle dei som hjalp til med tilordning og rydding

VI HADDE IKKJE KLART DET UTAN DYKK!

onsdag 2. november 2011

det boblar....


i topplokket hjå nokre bråtingar om dagen...

Har vi teke oss vatn over hovudet?
Datoen 11.11.11 kjem nærare og nærare,
og da er det vår tur til å stå som arrangørar av årets Skjåk-kveld!
Spennande oppdrag for uerfarne bråtingar.

Så om vi er litt oppfarande eller distrè om dagen
- ikkje ta det personleg!

Håper at flest mogleg vil kome til Marlo
neste fredagskveld for å sjå kva vi har fått kokt ihop!


Ein ting er sikkert - det er ikkje tytingsyltetøy!