Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

mandag 30. september 2013

Tverrådalskyrkja

er eit flott fotomotiv, og ein kan ha stor glede 
av å sjå den frå Sotvegen langs Liavatnet.

Og like flott er den, same kva kant du køyrer....
 om det er burt,

- eller heim

-sjå, elvi går mysugrå

- og stupbratt i fossar fell!

Ja, det står det i diktet "Nordpå sætrom" av Tore Ørjasæter.
 Vi sjekka ut elva i går - ikkje mykje mysugrå, og så langt i frå fossefall nå!
Det er mest sand nå om dagen.




torsdag 19. september 2013

RETNING SÅ......?


...tenkjer kanskje denne gamle furua på Bråtå-åsen. Kanskje dei tenkjer slik dei som skal legge regjeringskabalen også? Om dei ikkje får kabalen til å gå opp får dei kanskje spørje denne gamle furua til råds? Ho har vore ute mange vinterneter... 

mandag 16. september 2013

Slutt på friheita

Alt har ein ende - til og med beitesesongen til fjells.
Fredag var det tid for å sanke dyr og samle dei på kvea.
 Vi vandrar med freidig mot....


 Og jammen finn vi dei.
Ikkje lett å få auge på raude kyr i haustfargane!
 Gjensynsgleda er stor og ekte for både folk og fe


Heimveg....

lørdag 7. september 2013

Vi er ganske overtydde

om at førre innlegget gjorde sitt til det strålande været vi har hatt dei siste vekene i august.
Ein lyt rett og slett seie i frå at nok er nok -
og bruke stemma si!

Det håper vi at alle gjer på måndagens stortingsval og, om det ikkje alt er gjort;
 bruk stemma di

Og medan vi venter på valresultatet kan vi nyte godværet og utsikta...


I år er det nytt vallokale som gjeld for bråtingane -
 Dønfoss grendahus er staden der du gjev stemma di.

Bjørkås er over og ut som røystelokale, 
og bileta frå kommune - og fylkestingsvalet i 2011
 er minne om noko som var.