Tradisjonen tru vart olsok markert på Mysubytta i år og.
Mange møtte opp, og det er triveleg å treffe så mange samtidig
- da får ein oppdatert seg på siste års hendingar over
ein god kopp bålkaffe og ein smak frå det rikhaldige bitfatet.
I år kom temaet bord og benkar opp - så får vi sjå kva som skjer...
Takk til alle som møter opp og held tradisjonen i live!
Og tradisjonen tru krek den yngste generasjonen i berga medan dei eldre pratar...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar