Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

søndag 18. desember 2011

Siste advent

Juleblomane er snart i hus hjå dei aller fleste.
Det er mykje å velje i, og alle har vel SIN eigen favoritt,
her er ein - amaryllis.
Omtrent som ut av ingenting sprett det ein dag ut
store vakre klokker som står og lyser opp lenge.
Ei riktig juleglede!

Vi tenner fire lys i kveld, og lar de brenne ned.
For lengsel, glede håp og fred,
men mest allikevel for fred
på denne lille jord der menneskene bor.

For ungane er det snart att berre å vente....
medan mange vaksne nok har meir enn nok å henge fingrane i,
og mangt å mykje å tenkje på og ordne før den stor julehøtida.

Lugum pauseaktivitet i både venting og tenkjing kan vera ein sparktur!
Føret er ypparleg,
og med passe mykje laussnø i kanten som er med og bremsar om farten blir for stor.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar