Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

onsdag 24. april 2013

På kanten!

Ja, vi kjende at vi var på kanten av eit eller anna tysdagen denne veka. 
Var det samanbrot eller var vi på tur ut av komfortsona vår?
 Bråtålivet fekk seg ein real oppsving da det vart kjent  i dei indre kretsar at 
sjølvaste "Klaus på kanten" ville gjera opptak til programmet sitt på vår
 vesle "Kom-og-sjå-på-serviettsamlings-kveld" i Bjørkås.

Midt i serviettmylderet kom Klaus med team - 
somme av dei nikka til og med gjenkjennande til enkelte serviettar 
og meinte dei fantes på eit loft ein plass. 

Andre var på gyngande grunn, men at det å samle
 på serviettar er bra for sjela var det ingen som tvila på.
Praten gjekk lett, og etter ei stund med serviettar, liv og levnet i Bråtå som tema 
vart det kaffe, rumbrød, avletter og snipper.

Ein særs triveleg kveld - nå er det berre å vente på tv-programmet!
 
 Ingen skreppekremarar, berre serviettsamlarar!

 Orden i samlinga her, ingen tvil om det!

 Stas med gruppebilde - særleg for Klaus??

 Servietter i geledd!

 Ingen fare med oss om det var ruskevær ute - 
det fantes serviett med kart over nærområdet i ei av samlingane!

 Midt i rumbrødsetinga vart det overlevering av Bråtå-t-skjorte

 Da blir sjølv kjendisar så smellande glade

 at leiven gjekk igolvet....

Heldigvis var det som vanleg meir der det kom frå i Bjørkås!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar