Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

mandag 22. mars 2010

TRIVELEG SOLFEST!


Mellom 40 og 50 feststemde personar i alle aldrar benka seg rundt bordet i Bjørkås sist laurdag for å vera med på solprisfest. Fest for å prise sola -særleg kjærkomen attpå kaldvinteren- og for å feire at Skjåkprisen vart tildelt Bråtå.
Skjåk songlag var inviterte og song vakkert om både bygda vår, Blåmann, Å danse om vår og Laudate.
God mat høyrer med i godt lag, og Ragna Brit hadde kokt ei særs velsmakande supe. Attåt var det rundstykker og hardbrød, og vi leska oss med heimebryggja øl.
Det vart og lese frå "Åstradølen" frå 50-talet, datidas blogg? Det er ein skatt å ha dei gamle ungdomslagsbøkene når ein vil ha underhaldane lesnad!
Audun Sperstad hadde teke turen til Bjørkås ilag med tvauraderen sin, og hadde øvd inn "Grendahusvalsen" til avslutning på bordsete. Så vart det både dans og loddsal før kaffe og kaker kom på bordet. Kveldens jebursdagsjente, Maria Sygard fekk sang før ho opna marsipankaka. Stor spenning under loddtrekninga, for det var fine gevinstar vi hadde fått.
Dansen heldt fram ei god stund, og da dei siste gjestene var gått stod berre golvvaskarvalsen att..,eller var det ein reinlender?
Vi håper festen gav meirsmak, slik at vi og neste år kan be inn til ny solfest!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar