Ja, for vi fekk ein flott festkveld i Marlo Grendahus i gårkveld!Arrangørdamene var grueleg spente, og sommarfuglane flaksa godt heile dagen.Men etterkvart som utøvarane kom, gjorde unna lydprøver og samla seg i peisstugu roa vi oss ned - med så mange flinke folk på scena måtte det bli bra!Spaningsmomentet vart om det ville kome folk for å høyre på...Og det gjorde det! Kvar kom dei frå, alle saman, tru? Grendahuset vart iallefall fullt og vel så det. Tusen takk til alle som sette av kvelden for å vera ilag med oss! I peisstugu fekk aktørane vera i fred før det heile braka laus. Her Vox Morsem og Annbjørg Aabooen. Skjåk spel- og dansarlag under prøva. Stilige! Geir Byre har mange vener - her er nokre av dei igang med vals i moll. Vi vil gje ei rose til alle som var med og gjorde kvelden til ein fest:
-til Nordberg tvauraderlag for at dei spelte leiker etter Lars Kveen
-til storsjarmørane frå kulturskulen som song om været
-til Annbjørg Finnekåsa Aaboen som las "Ord over grind"
-til Vox Morsem for vakker song - "Eg ser deg i auga"
-til Lom & Skjåk brass for god korpsmusikk
-til Skjåk spel- og dansarlag for vals og springleik - de er så flotte!
-til Maria Eftevåg Melby for nydeleg song, du er "den finaste vi veit"!
-til Geir Byre med sine vener for visesong og vals
-til "Tattoo'd Ladies" for skikkeleg rock'n roll - meire, meire, meire!
-til Gudmund Teigen for turen "Nordpå sætrom"
og den høgst aktuelle preika etter gammal-Pær
-til Guro Grimstad - Skjåk si eiga "Sissel-stemme",
med både vestlands- og høgfjellssang
-til Torill Wassæther, Astrid Skjåk og Magnhild Teigum
for ypparleg hafeillprat - de er parlause!
-til publikum for allsang av grendahusvalsen
-til ordføraren som heldigvis ville dele ut pris
-til Anders Bakken og Johannes Enersvold
for utruleg godt lydarbeid - detta fiksa de superbra!
-til Håvard og Sindre for scenearbeid,
slike gutter, det vil gamle Norge ha!
-til Gerd Flatmo som baka og kokte
- du gjorde ein uvurderleg jobb!
-til vaktmester Ola som snikra scene til programleiinga
-til Susanne frå kulturetaten som stod på meire enn dei fleste...
-og til alle dei som hjalp til med tilordning og rydding
VI HADDE IKKJE KLART DET UTAN DYKK!