Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

søndag 26. august 2012

Påleplassen i dag.

I natt har 11åringane frå trusopplæringa i Skjåk overnatta på Påleplassen.
Og i dag var det duka for messe der dei deltok både med lesing og song. 
Kjempeflinke var dei, og eit triveleg innslag siste sundagen  i august.



Saft suse!

Bærsesongen er over oss for fullt,
 og det er nok fleire enn ein saftkokar som står og susar om dagen.
Ut av slangen kjem den, raud og fin, ripssafta.
 Nå treng den berre litt sukker, så er den klar for flaske og lagring!




Ikkje all rips saftast, noko blir reinska og pakka 
i passlege boksar for å ende opp som 
dessert med vaniljesaus til vinteren. 
Ja, om vi klarer å vente så lenge, da!?


mandag 20. august 2012

På'an igjen

syng Jan Eggum.
Og i dag var det verkeleg på'an igjen for 
mange små, litt større og store:
SKULESTART!


og så starta reinsjakta. 
Liksom litt på'an igjen det og, om i ein litt annan sjanger.
Bråtåliv ynskjer dei lykke til, alle som ein!

Etter to rolege veker på Bråtåliv 
er det vel på'an igjen for oss og - ferien har vore nytta til litt av kvart for dei fleste, 
vi håper fridagar har vore gode - og godt nytta!

mandag 6. august 2012

Dagens varsel :

 Lettskya, pent vær fyrst på dagen,


utrygt for grillmat utover ettermiddagen.