Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

onsdag 18. mai 2011

17.mai i Bjørkås


Med flagget til topps vart det feira
17.mai i Bjørkås - akkurat som i fjor og året før der...


Og som i fjor og året før der...
var det eit flott matbord som alle hadde gjort sitt for å fylle.



Dei yngste får alltid forsyne seg fyrst, og dei er ikkje vonde å be!



17.maijenter !


- men trur du det går an å sende dette inn til Fjuken?


"mange ballar i lufta"


Loddsal høyrer med!


Stor spaning


når Håkon starta trekkinga, det KAN jo hende det blir


fruktkorg å vinne?


Alt har ein ende. også 17.mai!

mandag 9. mai 2011

DUGNAD I BJØRKÅS


Væpna med rive og godt humør
vart det raka og pynta i Bjørkås 8. mai.



Og utan mat og drikke
duger helten som kjent ikkje - ikkje i Bråtå eingong!

Triveleg å samlast rundt bordet med
kveldsmat og lademjølk etter endt dugnadsøkt.





søndag 8. mai 2011

8.MAI - FRIGJERINGSDAGEN

I år var det Kari Helene Partapouli som la ned krans ved minnestein over dei to Skjåkverane som gav sine liv under 2.verdskrigen, Gudmund Bøyeie og Saras Partapouli. Saras var grandonkel til Kari Helene. For dei fleste er ho best kjent som leiar av Antirasistisk senter.

fredag 6. mai 2011

Kveldsbesøk

Og like sikkert som at det livnar i lundar og lauvast i li,
så kjem det besøk til kvelds...

Dette er fire av dei mange titals dyra
som ein kan sjå på jordene på kveldstid nå.

Dei som driv jorda er ikkje like begeistra
for synet som dei mange som tek seg ein biltur
nordover Bråtå for å titte på elg og hjort.

- nytt liv av daude gror....


Ja, det er like spanande og fascinerande kvart år
å titte i bedet det staudene er planta.
Jauda, det er liv i dei i år og!
Kva dei heiter?
Uvesentleg, det viktigaste er at dei kjem att år etter år!

mandag 25. april 2011

DET VÅRAST...

På Kollongen var det snogheilt fyrst i påska. Nå er det snart føre for joggesko der og.





Skauta er i ferd med å opne seg. Spennande om ho kjem "med skott" i år.


Og tranene er på plass. Slett ikkje lette å fotografere, men til gjengjeld så høyrer vi dei godt. Dei er ikkje redde å gje lyd frå seg, og gjerne på morgonkvisten...






torsdag 21. april 2011

Påskehelsing frå Mysubytta


Nokre tradisjonar er vansklegare å bryte enn andre -
mellom anna skjærtorsdagtur til Mysubytta



Stor vassføring i elva.


"Flekkjebert" på Mysubytta.


Det rann godt i grøfter og over tette stikkrenner.


Og føret var det ein kan kalle vekslande...