Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

onsdag 2. mai 2012

Bryllaup!


I dag har årets konfirmantkull feira bryllaup i Nordberg kyrkje.
 I staden for å berre lese om korleis bryllaup vert feira,
 har dei rett og slett ei feiring på tradisjonelt vis.
Skjåk bygdekvinnelag deltek som tradisjonsformidlarar,
og i år var det ho Oddveig "nurdi Berg" som fortalde 
om gamle skikkar rundt feiring av bryllaup kring år 1900. 


Vi kunne skimte bråtingar både i kjøkenteneste 
og i brurefylgje, og håper dei fekk ei fin feiring, 
sjølv om den nok ikkje varer i tre dagar til endes som skikken var før!

Kom mai, du skjønne, milde....


Den fyrste maidagen kom, både skjønn og mild!
 Dette lovar godt.
Det var nok mang slags aktivitet i Bråtå,
 men vi trur dei fleste føregjekk utandørs. 
Og småjentehendene som vi kjenner kom 
heim fulle av vårens vakraste blome: 
Mogopen, eller bukkeblomen som den vert kalla her. 
Når den kjem, ja, da ER det vår!

tirsdag 24. april 2012

ÅRSMØTE

Årsmøte i Bjørkås måndag 30.april kl. 20.00 for Bjørkås og Bråtå grendalag.
Vel møtt!

tirsdag 17. april 2012

Eit sikkert vårteikn!

"Møkkabandet"


"Bråting på Tessand"


Ja, det er russen med alle sine krumspring.
Vi har gjennom åra registrert at Bråtålivet verkar eksotisk
på denne gruppa;
det er sjeldan ei russeavis eller ein russerevy der
Bråtå ikkje er med i ein eller annan samanheng.
Ei heller i år.

Lomsrussen 2012 har dei siste dagane
servert ein fantastisk flott revy
som dei har snikra saman gjennom vinteren.
Revyen har vore veldig godt besøkt,
og dei har fått strålande kritikkar - heilt fortent!
Dette er ungdom som verkeleg gjev av
seg sjølve på scena - på alle måter.
Terningkast 6 frå Bråtåliv!

Og sjølvsagt er Bråtå med....

Vi vart kjent med eit hittil ukjent band
frå grenda " Møkkabandet" som hadde
slege inn på bandlivet for å få seg kvinnfolk til å ta oppvasken...

Og i lett omskrive
"Danske med Campingvogn" (Øystein Sunde)
fekk vi høyre historia om
"Bråting på Tessand".

Riktig så fornøyeleg!

Nå ventar vi i spenning på russeavisa...

lørdag 7. april 2012

Tverreggje

Tore Ørjasæters ord kom over oss da vi nådde dette punktet på turen:

Tverreggje ho står so traust,
med dagglans på drivkvit tind,
sjå soli ho renn i aust
med vaknande morgonvind.


Vi skjønar godt inspirasjonen hans på ein dag som denne!

Langfredagstur

Hopprenn....

Blå himmel....

Skiparkering ved sæterveggen.......

og rett i koppen......

Jauda, langfredag vart ein strålande dag på så mange måter!
Vi kunne observere både store og små i løypa,
med store smil og påskegodt i blikket.

søndag 1. april 2012

Trivleg messe


Palmeprosesjon.


Preike framfor den gamle flanellografen.



Song av postludium



Kyrkjekaffe!




Gåveoverrekking







Ja, det vart ei trivleg messe i Bjørkås palmesundagen.
Litt vemodig var den kanskje og, dette var
siste gongen sokneprest Hege hadde messe her.
Det vart både palmeprosesjon,
preike med den gamle flanellografen i fokus
og kjende salmetonar før messa vart avslutta
på ein rørande måte da
Andrea Fagermoen og Andreas Brosset song postludium.

Og så vart det kyrkjekaffe, med mykje mat og godt prat.
Kari Elin tok ordet og fortalde
ei skikkelg god prestehistorie før ho overrekte
heile familien ei gåve frå Bråtågrenda -
familien Fagermoen kan no kalle seg
"Team Bråtå"
med nye t-skjorter som bevis på akkurat det.