Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

mandag 1. juni 2015

Markje grønast - vel om ei stund!

Det var ikkje mykje som vitna om 
grøne lier og "forkunnmat  er å få for ku og for sau og folen" 
som Tore Ørjasæter skriv på Mysubytta siste maikvelden i 2015.
Men det brukar nå å bli - kvart einaste år, så vi lyt  berre smørje oss med litt tålmod!

Vegen er ikkje open for biltrafikk enda, men det er fint å gå innover!

fredag 24. april 2015

RAKARDUGNAD OG ÅRSMØTE

Sundag 26. april kl. 13.oo er det rakardugnad og årsmøte for både Bjørkås og Grendalaget.
Om været blir lugumt tek vi ei runde med riva før årsmøtet.


søndag 25. januar 2015

Bråtå i rosa


Stort penare blir det vel faktisk ikkje,
ein sundagsmorgon i  slutten av januar 2015,
 med -10 på graderstokken.

God sundag!

fredag 19. desember 2014

JULTREFEST 3.JULEDAG

Velkomne til Bjørkås 3.juledag kl. 11.30 !



torsdag 20. november 2014

Vi gjev oss ikkje!

- med å blogge, sjølv om BOOC har avslutta si karriere!

Neida, Bråtålivet går vidare, og ymse aktivitetar 
fyller dagane nå i november.
Det er ikkje noko snø å måke, så da får vi finne 
på noko anna å styrke armmusklane våre på.
Den som ikkje hoggar ved, kan kanskje kjevle seg ein leiv eller to 
og be grannen over på kaffe etter at den er steikt?

Vi gratulerer!

Laurdag 15. november var grendahuset i Marlo
 fylt til siste stol - årets kulturkveld var komen.
 Og ingen kulturkveld utan utdeling av Skjåkpris og kulturstipend!

Vi er veldig glade for å kunne gratulere Svein Gudbrand Lund  frå Marlosøygarden i Bråtå 
med vel fortent Skjåk-pris for si gründerverksemd i Glasitt, 
og Guro Grimstad med eit like fortent kulturstipend!
HURRA!

mandag 27. oktober 2014

Dett var dett!

 I går kveld sette vi strek i Bjørkås. 

Strek etter 20 år med mykje moro for store og små vel vi å tru.
Vi har operert både ute og inne, sommar og vinter, 
og tenkt som så at: Ja, det går sikkert bra!

Og det har det gjort. Stort sett.
Takk til alle som har delteke på det vi har stelt i stand desse åra, og takk for oss!





Vi får avslutte med Prøysen: 
takk for at vi var her, takk for at vi kom, 
takk for at vi går igjen,
HIPPSKVIRREVIPPBOMBOM!

med vyrdnad: BOOC