Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

mandag 23. mai 2011

HEILSVART

Ja slik kjennes det nå. Grendalaget har hatt møte med Glommen og Lågens brukseigarforeining om huset i Raudalen. Som mange kjenner til ba Glommen og Lågen om å få eit rivingsvedtak frå NVE. Noko dei sjølvsagt fekk. Bråtå grendalag anka vedtaket og fekk medhald, men det skulle vurderast att i 2011. Av kven har ikkje eg sett på skrift. Vi tenkte vi kunne få overta huset for å berge ein del av historien om utbyggina av Raudalen. Men den gang ei, det er ikkje verdt noko, seier GLB om huset. Det har vore skapt store verdiar i Raudalsmagasinet som utbyggarjen har tent store kroner på. Men å gje noko attende til lokalsamfunnet har dei ikkje råd til. Forklar det den som vil og kan. Eg greier det ikkje. Medan kronene trillar inn i kraftselskapa blir Raudalen ribba. Kva blir det neste, tru?

2 kommentarer:

  1. Kjempetrist. Er det andre som kan hjelpe dere med å få gjort noe med saka.
    Også Raudberget er unikt. Sjå: http://iskjak.no/#!/natur/artikkel?id=361%28x:61.945y:7.949z:11h:0m:0%29
    Torgeir T.Garmo har studert olivinberga - Raudberga ved Rauddalsdammen.

    SvarSlett